Krister Wiberg

Nyheiter

Når livet treng ein annan beat

Tekst: Ann Karene Rasmussen / Apriil

Foto: Anita Wiberg

For to år sidan sjokkerte platedirektør Krister Wiberg og familien alle med å flytte frå Bergen til Lofthus i Hardanger: – Mange trudde det var ein spøk.

Berre eit sommarhus? Økonomiske problem? Eller ekteskapsproblem? Teoriane var mange då familien val vekk by for bygd.

– Men det ligg ikkje djupe ting bak. Vi såg berre ein moglegheit til å bu fantastisk, seier Krister Wiberg, som frå balkongen ser rett ned i fjorden, omkransa av idylliske fossar og fjell.

Blei verande på sommarferie

Familiens historie med den vesle bygda Lofthus starta plutseleg ein fredags ettermiddag sommaren 2020. For då Krister sat heime i Bergen og jobba, dukka det opp ei Finn-annonse med ei utruleg utsikt frå ei leilegheit i sentrum av Hardanger-bygda.Han ringte ein eigedomsmeklar med ein gang og sa han skulle selje huset. Etter tre veker hadde familien flytta.

– Vi følte vi reiste på sommarferie, og berre blei verande, fortel han entusiastisk.

Med på flyttelasset var kona Anita og barna. For Anita kunne jobben som fagansvarleg i reisebyrået Berg-Hansen gjerast frå heimekontoret. I tillegg starta ho nyleg med SUP-utleige på fjorden.

Krister Wiberg
Krister Wiberg

Med hjarte i musikken

Sjølv jobba Krister med bank og finans i DNB til 2015. Men hjarte var i musikken. Han bestemte seg på få dagar. Sa opp jobben og starta i musikkbransjen.

– Eg måtte lukkast frå dag éin - viss ikkje måtte eg selje huset. Det var eigentleg heilt idiotisk, slår han fast.

Heldigvis var det til slutt andre grunnar til at huset blei lagt ut for sal. Etter mange år i musikkmiljøet i Bergen, både som musikar og musikkjournalist, og i kulissane med plateselskap, booking, konsertar, promo og management, var det Hardanger og ein litt annan kvardagsrytme som lokka.

– Å sette ned tempoet var noko eg hadde i tankane med denne flyttinga, seier han og fortset:

– Det første og siste eg gjer kvar dag er å gå ut på balkongen. Få frisk luft og lytte til sjøskvulpa - mens eg nyt verdas finaste utsikt.

Han rare bergensaren

Samtidig drar lidenskapen for musikk og kulturliv han inn i stadig nye prosjekt. Han er dårleg på å slutte med ting og får energi av å skape noko nytt. I desse dagar lagar han eit nytt musikkføretak, som er ei samanslåing av plateselskapet og PR-byrået hans.

– Det er ein bitte-bitte-bitte liten versjon av Universal Music Group, der vi også skal jobbe med booking. I ein bransje der mange meiner Bergen er for lite, er dette eit bevis på det motsette. I dag kan du bu kvar som helst, så lenge jobben din kan gjerast over internett.

Samtidig engasjerer han seg lokalt som bookingansvarleg for Morellfestivalen og står bak livekonseptet Ekspedert på Lofthus Ekspedisjon.

– Det er sunt å komme hit frå byen, og sjå ting med nye auge. Då opnar moglegheitene seg. Dei aller fleste er positive til nye måtar å gjere ting på, og det gir meg energi.

Men planen var eigentleg å vere ein anonym skikkelse i bygda.

– Før tenkte eg at eg kunne gå rundt i kjeledress i Lofthus, men det er heller motsett. Her veit alle kven eg er: “Han rare bergensaren”.

Krister Wiberg
Krister Wiberg

Ein må berre ta sjansar

Han forstår at mange vel det trygge, men tenker stadig meir at ein berre må ta sjansar.

– Ikkje tenk at ting er skummelt. Viss det er noko du vil oppleve må du ikkje vente. Berre gjer det, seier han og legg til:

– Du kjenner i deg om det er noko du vil. Etter at eg begynte å seie ja til det meste har livet mitt blitt “mye fetere”, seier han på kav bergensk.

Fleire saker