Louis Steigerwald

Nyheiter

Ein amerikanar i Stongfjorden

Tekst: Rebecca Nedregotten Strand

Foto: Sunnfjord Geo Center/ Louis Steigerwald

Han gjer livet tryggare for folk i landet han elskar. Sjølv likar geoteknikar Louis Steigerwald å leve litt på kanten.

– Eg hadde siste flyturen kvart over midnatt. Det var midt i juni, skyene var rosa, lufta klår og Kongeskipet låg så fint på fjorden.

Han fortel om sitt første møte med Norge.

Det er langt frå Kansas til Vestlandet. Likevel våga Louis Steigerwald (29) å hoppe i det, og han angrar ikkje. No snakkar han varmt om å paraglide over Loen, og at han har kjøpt seg hus i ei bygd med 121 innbyggarar.

At ein amerikansk geolog vel å busetje seg i Stongfjorden i Askvoll, er takka vere Sunnfjord Geo Center.

Sunnfjord Geo center

Vestlandet er ein stad med mykje vêr, og Sunnfjord Geo Center ligg såleis tett på mykje av det dei jobbar med.

Ein arbeidsplass tett på hav og fjell

Steile berg, brusande elvar og stritt hav. Vestlandet er vakkert og lunefullt. Plasseringa av Sunnfjord Geo Center er eigentleg heilt logisk. Frå 2012 har dei sikra menneske mot flaum og skred frå hovudkontoret i Stongfjorden.

– Truleg den staden i Noreg med flest geologar per innbyggar, fortel dagleg leiar Even Vie.

Med visjonen «Trygt miljø, på lag med naturen», hjelper dei entreprenørar og privatpersonar med å vurdere og førebygge naturfarar som skred, flaum, erosjon, forureining og jordskjelv.

Sunnfjord Geo Center har skapt halvanna årsverk kvart år dei har vore i drift og treng fleire på laget.

– Rekruttering har vore ei utfordring for oss, innrømmer Vie, – men eg får mange tilbakemeldingar på kor attraktivt det er med ein arbeidsplass tett på både hav og fjell. Det er ein unik region vi bur i, så på lang sikt er eg ikkje uroa for rekrutteringa.

Even Vie

Even Vie er dagleg leiar i Sunnfjord Geo Center.

Huskjøp vart lokal storhending

Om han ville, kunne Louis Steigerwald jobba frå Bergen. Då geoteknikaren i staden tok steget heilt ut og kjøpte seg hus i Stongfjorden, var det ei lokal storhending.

– Heile bygda visste det før eg hadde sagt det til nokon, ler han. – Folk eg aldri hadde møtt før helste på meg og gratulerte.

Dei varme kjenslene for Norge fekk han som student, på utveksling eit semester ved Universitetet i Bergen. Heime i Kansas ristar dei på hovudet.

– Folk spør ofte pappa: Skal han verkeleg bu der? fortel Louis, – Men foreldra mine synest det er veldig kjekt.

Mindre einsam

Han likar seg best om sommaren. Vinterkveldane i ei lita vestlandsbygd kan bli lange. Likevel kjenner han seg mindre einsam her enn i Bergen.

– Der var det 300.000 menneske, men eg hadde eigentleg ikkje eit nettverk i Bergen.

Det har han i Stongfjorden, og ein av hans beste vener er frå USA.

– Eg har fått beskjed om at eg er den andre amerikanaren som flyttar hit, seier han lattermildt, – Altså er eg ikkje spesiell.

Sunnfjord Geo center

Sunnfjord Geo Center jobbar med å hjelper entreprenørar og privatpersonar med å vurdere og førebygge naturfarar.

Det løner seg å vise att

Ein stor fisk i ein liten dam er lett å sjå. Det trekk Even Vie fram som ein av dei største fordelane med å satse på bygda.

– I distriktet, der det er færre folk og færre bedrifter, er det lettare å skilje seg ut enn i ein storbyjungel av konkurranse og støy. Og eg må få skryte av Askvoll kommune, som eg verkeleg synest spelar på lag.

Amerikanaren som flytta til Stongfjorden har ikkje angra på valet han tok. Jobben tek Louis Steigerwald ut på feltarbeid i store delar av Sør-Norge, og på fritida er vegen kort til fiskevatn og fjell.

– Eg føler eg er på ei reise, og eg prøver berre å nyte livet litt.

Her kan du lese meir om ei karriere i Sunnfjord Geo Center