Skald forlag

Nyheiter

Utanfor boksen i SKALD

Tekst: Linn Merete Rognø / Apriil

Foto: SKALD

Eit smart trekk bind både bøkene og folka i forlaget saman.

Leikanger kommune i Sogn er kanskje mest kjend for fruktproduksjon. Men i bygda Hermansverk, rett framfor dei tidlegare fabrikklokala til saftprodusenten Lerum, står Gamlehotellet frå 1887. Hotellet husar SKALD forlag. Dei har vunne fleire prisar for noko som vert stadig meir sjeldan i bokbransjen.

I SKALD handlar kvalitet om meir enn berre godt innhald.

– Eit samleobjekt

Forlaget gir ut bøker innan sakprosa og skjønnlitteratur, men materiale og designet på bøkene, er like viktig som innhaldet. Det har resultert i fleire prisar i konkurransen «Årets Vakreste Bøker», som kvart år vert utdelt i regi av Grafill.

– Vi er opptekne av den fysiske boka, som eit samleobjekt, seier forlagssjef Simone Stibbe (41).

– Ein roman frå eit stort forlag er ikkje sydd i ryggen, men limt med ein hard perm rundt. Det har kortare levetid enn bokbindinga vår, fortel forlagssjef Simone Stibbe (41).

Design og kvalitetsmateriale har vore signaturen til forlaget sidan Jon Skjerdal og Lars Nes skipa Leikanger-bedrifta i 1991. 30 år er gått, og forlaget står støtt, sjølv i ei pandemikrise kor mange verksemder går konkurs.

– Faktisk har koronatida vore ei velsigning for bokbransjen, det kokar, seier Stibbe.

Joda, det har vore utfordringar på produksjonssida med forseinka sendingar, papirmangel, prisauke på drivstoff og logistikk-krise.

Likevel:

– Vi er såpass etablerte at vi har eit stort nok kontaktnettverk til å kome oss gjennom kriser, seier Stibbe.

Skald

Lars Nes og Simone Stibbe i Skald forlag.

Flytta vekk og angra

Det var rett nok eit vågalt trekk av Lars Nes (68) å starte opp forlag i ein kommune med vel 2000 innbyggjarar. Men den tidlegare rektoren på Leikanger musikkskule, ynskte å ta del i eit prosjekt som gjekk utanom det kommunale. Han følte det var behov for ei kulturformidlingsbedrift i Leikanger, dermed vart SKALD til.

I dag er Nes seniorredaktør og avtroppande økonomisjef i forlaget.

– På SKALD-huset jobbar det 13 personar, av dei er berre to vakse opp i Leikanger, fortel han.

Stibbe er ei av dei tilflytta. Ho kjem opphaveleg frå Tyskland, og for å gjere ei lang historie kort: Stibbe har master i bokvitskap frå Universitetet i Leipzig, vart utvekslingsstudent i Bergen, fekk sommarjobb på Bremuseet i Fjærland, ynskte seg praksisplass i eit norsk forlag og vart tipsa om å kontakte SKALD kor ho var praktikant i nokre månader. Så vart det jobb på heiltid.

– Eg likte Leikanger og den flotte naturen, og i SKALD fekk eg moglegheita til å vere med på å bygge noko, eg vart høyrt og mine idéar vart prøvd ut, seier ho.

Men så, etter seks år, tok ho pause frå SKALD, flytta til Oslo og vart vikar i eit anna forlag der.

– Eg tenkte det var greitt å prøve noko nytt.

Livet i storbyen vart ikkje som ho hadde trudd.

– I eit større forlag hadde eg éi arbeidsoppgåve: Å produsere barnebøker. Men eg ville vere involvert i alle prosessar, og ha meir variasjon. Eg ville bruke kunnskapen på meir enn berre eit smalt arbeidsområde.

Ho valde å flytte tilbake til Leikanger og det vesle forlaget, og i SKALD stod døra open. Nes tilbydde ho stillinga som forlagssjef. Ja takk, sa Stibbe. I dag er ho vel etablert i Leikanger med mann og to born, og ein jobb som inneber haugevis av varierte oppgåver.

Skald huset

På SKALD-huset jobbar det 13 personar, av dei er berre to vakse opp i Leikanger.

– Treng urbane tilbod

Det er sjølvsagt utfordringar ved å driva forretning frå ein liten stad, vedgår Nes og Stibbe.

– Å skaffe kompetente folk er ikkje så enkelt. Når vi tilset, må vi rekne med å måtte lære opp folk over lang tid.

Det må leggast til rette for å lokke kompetente arbeidssøkjarar til kommunen, meiner dei to.

– Vi treng lokale tilbod med urbane kvalitetar, som kafé, konsertlokale og kino, seier Nes.

– Det trengst nok bustader; hus, men også leilegheiter til dei som kjem rett frå studiar, supplerer Stibbe.

– Innestengt i byen

Det fine med å bu i utkant-Noreg, meiner dei, er at det er rimelegare - det er lettare å ha råd til bustad og å etablere bedrift. Teknologien er like tilgjengeleg som i byen, og ein har naturen tett på.

– Men dei som veks opp på ein mindre stad, har gjerne behov for å reise ut og bu vekke ei stund, og det trur eg er lurt å gjere, seier Nes.

Sjølv har han ein vaksen son som flytta tilbake til Leikanger etter nokre år i Bergen.

Det handlar kanskje om å finna verdien av kva ein allereie har i livet, og kjenne saknet etter det.

– Eg følte meg litt innestengt i by, det gjekk mellom anna ut over kreativiteten min, seier Stibbe.

– Då er det vanskeleg å tenkje utanfor boksen.

Finn jobb i Vestland