Proresult

Nyheiter

10 ledige stillingar i juli

Veret er kanskje dårleg, men jobbmarknaden i Vestland er hot.

Proresult søker kommunikasjonsrådgivar

Ønsker du ein variert arbeidsdag innan kommunikasjonsfaget? Proresult ser etter deg som er nysgjerrig og elskar god formidling!

Les meir

Sogn og Fjordane Energi søker rådgjevar berekraft

Framtida er fornybar og no ønsker Sogn og Fjordane Energi ein ny kollega med på laget. Du vil blant anna bidra til at selskapet når måla sine innan klima- og berekraftsområdet.

Sjå ledig stilling

Hyllestad kommune søker kulturkonsulent

Stillinga vil ha eit breitt arbeidsfelt og å samarbeide med organisasjonsliv, prosjektarbeid og utvikling blir ein viktig del av oppdraget.

Sjå ledig stilling

Fleire fleire ledige stillingar i Hyllestad.

NCMT søker forretningsutviklar, prosjektleiar eller kommunikator

Norwegian Circular Material Technology er ei svært spennande næringsklynge for den norske plast- og komposittindustrien. Dei held til i eit koseleg kontorfellesskap på Sandane. Denne stillingsannonsen vil du ikkje gå glipp av:

Sjå ledig stilling

PwC Førde

PwC Førde søker advokatfullmektig

Ved å bli ein del av PwC får du jobbe i eit av Norges største private miljø innan forretningsjuss og skatt/avgift. No søker Førde-kontoret deg som ønsker å arbeide med ulike problemstillingar, og etter kvart ønsker å spesialisere seg innan eit eller flerie juridiske område.

Sjå ledig stilling


Westcon Yard Florø søker HR-leiar

Som HR-leiar vil du ha ansvar for å vidareutvikle HR- og lønnsfunksjonen og delta i arbeid med kultur og arbeidsmiljø.

Sjå ledig stilling.

Næringshagen i Ullensvang søker forretningsutviklar

Vil du bidra til vekst i Hardanger? Arbeidsoppgåvene vert å rådgje verksemder i regionen for å bidra til vekst, styre eksterne og interne prosjekt og vere ein pådrivar for nye verdiskapande verksemder.

Sjå ledig stilling

Akvahub

Akvahub søker ny drivande dagleg leiar

Akvahub er eit utviklingsselskap innan havbruksnæringa og ein pådrivar for ei berekraftig utvikling og lokal verdiskaping. Som dagleg leiar vil du få ei variert og innhaldsrik rolle.

Sjå ledig stilling

Fjord1 har fleire ledige stillingar

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet med ferjetransport som kjerneverksemd. I sommar har dei lyst ut fleire interessante stillingar:

Tibber Førde

Tibber søker Customer Support Specialist

Vil du vere med og forme kundeopplevinga og framtida til ein av Norges mest spennande startup? Tibber ser etter ein nysgjerrig og ambisiøs person som brenn for kundeoppleving.

Sjå ledig stilling

Ikkje heilt di gate? Sjå fleire ledige stillingar her.