Sogn og Fjordane Energi Hovedbilde

Framtida er fornybar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Rådgjevar Berekraft Sogn og Fjordane Energi Gloppen Fulltid
Sogn og Fjordane Energi Logo

Sogn og Fjordane Energi

Sørstrandsvegen 227
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Ragna Flatla Haugland, fagleiar berekraft
+4793006650

Søknadsfrist

12. august 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Verda treng fornybar energi for å løyse dei store klimautfordringane.

SFE Produksjon er ein av dei leiande fornybarprodusentane på Vestlandet, og er i ei positiv utvikling, og har fleire nye og spanande utbyggingsprosjekt som skal bidra til det grøne skiftet. Vi har stort fokus på systemutvikling og digitalisering av vår kraftproduksjon, for slik å kunne hjelpe samfunnet med eit stadig aukande behov for fornybar energi. SFE Produksjon er selskapet som driv utbygging, rehabilitering, drift og vedlikehald, samt forvaltning av, den fornybare kraftproduksjonen i energikonsernet SFE. Selskapet er operatør for 35 vasskraftaggregat og 9 vindturbinar. Samla produksjon utgjer 2,4 TWh.

Som tilsett i Sogn og Fjordane Energi er du med på laget for å skape den fornybare framtida, og vere ein aktiv bidragsytar til selskapet sitt målretta arbeid med klimanøytralitet og berekraft.

Dine oppgåver:

  • Bidra til å identifisere og konkretisere kriterier og målparametre som grunnlag for selskapet sitt klima- og berekraftarbeid.
  • Kartlegge, vurdere og bidra til å etablere tiltak, samt sikre at selskapet leverer på våre målsettingar innan klima- og berekraftsområdet
  • Vere pådrivar og bistå i arbeidet med å implementere selskapet sitt berekraftstarbeid internt
  • Rapportering i høve berekraft, klima og miljø

Din bakgrunn:

  • Høgare utdanning innan berekraft, klima, miljø, energi, naturvitenskap eller teknologi
  • Du har gjerne erfaring innan fagområdet, og særleg interesse for å bidra i rett retning for berekraftsarbeidet.
  • Du har gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk

Du er:

  • Samarbeidsorientert, kommuniserer godt med andre og er den gode lagspelaren
  • Utviklingsorientert og kreativ
  • Strukturert og arbeider målretta

SFE arbeider aktivt og målretta for å styrke mangfaldet i verksemda. Vi oppmodar særskilt kvinner om å søke på stillinga

Kontaktpersoner:

Ragna Flatla Haugland

Fagleiar berekraft

+4793006650

ragna.flatla.haugland@sfe.no

Søk

Sogn og Fjordane Energi Kulturbilde