Fjord1 AS Hovedbilde

Er du vår nye HR-rådgjevar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
HR rådgjevar Fjord1 AS Kinn Fulltid

Om stillinga

Som HR rådgjevar i Fjord1 vil du inngå i eit team med 5 dedikerte og dyktige tilsette. Arbeidsmiljøet vårt er prega av høgt tempo, driv og engasjement for både fag og menneske.

HR avdelinga vår har eit bredt spekter av spennande oppgåver og hos oss vil du vil ha stor moglegheit til å påvirke og sette dagsorden for heile rederiet.

Vi arbeidar blant anna med rekruttering, organisasjonskultur, leiarutvikling, nærværs arbeid, kompetanseutvikling, personalsaker, konflikthandtering, strategi og forretningsprosessar i tett samarbeid med leiarar og team på ulike nivå. Omstilling, digitalisering og endring er ein viktig del av arbeidskvardagen vår.

Vi på HR likar å ligge foran og finne løysingar slik at våre leiarar og tilsette, på sjø og land, har verktøya, kompetansen og støtta dei treng til å gjere ein best mogeleg jobb. Som HR rådgjevar i Fjord1 må du ha god fagleg forståing og du vil ha oppgåver på operativt og strategisk nivå. Vi tar arbeidet vårt på aller største alvor, men likar og å slå ut håret og sette fotavtrykk i taket!!

Vi ynskjer oss svært gjerne ein person som har erfaring og kunnskap om nærværs arbeid, tilrettelegging, førebygging og som brenner for det gode arbeidsmiljøet.


Er du løysingorientert, tydeleg i kommunikasjonen og god på relasjonsbygging? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Sikre at selskapet når sine målsettingar om eit trygt og godt arbeidsmiljø der vi fokuserer på førebygging og tilrettelegging
  • Rådgjeving og leiarstøtte i saker knytt til helse og miljø
  • Legge til rette for eit auka nærvær hos våre tilsette
  • Bistå i arbeidet med å legge til rette for arbeidstakarar med redusert arbeidsevne
  • Bistå i personalsaker og konflikthandtering
  • Delta i handtering og oppfølging av medarbeiderundersøking
  • Ansvarleg for statistikk knytt til helse og miljø
  • Sekretær for selskapet sitt verne- og miljøutval og arbeidsmiljøutval
  • Løpande operative og strategiske HR-oppgåver etter behov

Ønska kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning. Gjerne innan HR eller helsefag. Relevant arbeidserfaring kan kompansere for manglande utdanning.
  • Relevant arbeidserfaring
  • Det er ein fordel å ha god kunnskap om relevant lov- og avtaleverk
  • Dine kommunikasjonseigenskapar er svært gode både muntleg og skriftleg
  • Gode IT-kunnskaper
  • Norsk språk muntleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er ein dyktig releasjonsbyggar
  • Du arbeidar sjølvstendig, strukturert og effektiv innan definerte rammer
  • Du har evne til å rettleie og motivere andre
  • Du evnar å sjå løysingar og moglegheiter

Vi tilbyr

  • Ei engasjerande, utfordrande og sjølvstendig stilling
  • Eit arbeidsmiljø prega av entusiasme og arbeidsglede
  • Dyktige kollegaer
  • Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
  • Fleksible arbeidsordningar
  • Moglegheiter for fagleg- og personleg utvikling
  • Gode velferdsordningar
  • Topp moderne og nye kontorlokale sentralt i Florø

Les meir om kva du får når du jobbar i Fjord1 her.

Fjord1 AS Kulturbilde