Er du ein dyktig forretningsutviklar, prosjektleiar eller kommunikator, kan du være min nye kollega i NCMT!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Forretningsutviklar, prosjektleiar eller kommunikator. Krånavegen 11 Gloppen Fulltid
Krånavegen 11 Logo

Krånavegen 11

Krånavegen 11
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Vidar Nyhammer
90806607

Søknadsfrist

23. juni 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vi utvidar!

Eg ser fram til å få ein kollega på laget som kan vere med å utvikle næringsklynga NCMT vidare som eit fellesskap der samhandling bidrar til innovasjon, læring og utvikling!

I NCMT møtest industri, forsking og utvikling, utdanning og gründerbedrifter frå heile Noreg for å jobbe saman om utvikling, verdiskaping og forsvarleg forvaltning av ressursar. Sirkulærøkonomi, resirkulering, produktdesign og materialteknologi er viktige tema i vårt arbeid.

Oppgåvene våre er, enkelt og greitt, alt som skal gjerast for å skape aktivitet for medlemmane våre, og legge til rette for utvikling. Dette inneheld både å kommunisere med medlemmar, å ha ulike roller i FoU-prosjekt, ein del marknadsretta kommunikasjon, og arrangering av både fysiske og digitale eventar.

Ut frå det som er nemnt til no, tenker eg at du er ein dyktig relasjonsbyggar, og kommuniserer lett og ledig både skriftleg og munnleg - helst på både norsk og engelsk. Om du i tillegg kan vise til at du står trygt i leiing og koordinering av diskusjonar, prosessar og kanskje til og med prosjekt, vil dette bidra positivt.

Per no held NCMT til i eit lite og koseleg kontorfellesskap i den vesle fjordlandsbyen Sandane i Nordfjord. Det håpar eg du også vil gjere - i alle fall mykje av tida. (Til tross for å vere ein liten tettstad, er det utruleg mykje spennande som skjer her, både om du er interessert i aktivitet og kultur.) Men om du ønskjer å jobbe ei veke frå Lofoten for å nyte midnattsola, eller stikke ein periode til Sogndal for å utnytte dei beste laussnødagane, er det ingenting som ligg i vegen for å ta med seg jobben hit og dit, av og til. Klynga er rigga for å jobbe mykje digitalt, og då må vi nytte oss av moglegheitene som ligg i dette.

Eg håpar du sender inn ein CV og eit søknadsbrev som er passe langt, to the point, og der du set dine eigenskapar i godt lys utan å bruke alt for mange vanskelege ord som seier lite konkret. Er du nysgjerrig på stillinga, men ønsker ein kjapp prat før du søker? Ring meg!

Vi snakkast,

Vidar Nyhammer, dagleg leiar.



Om deg

Næringsklynga NCMT. Kven er vi?

Klynge er den organisasjonsforma vi har i Norwegian Circular Material Technology - eit namn som for så vidt er litt langt og vanskeleg å seie i ei normal setning, så bruk gjerne berre NCMT. Misjonen til NCMT er å legge til rette for ei berekraftig utvikling i plast- og komposittindustrien. Derfor har vi både bedrifter, universitet, organisasjonar, institutt og offentlege aktørar som medlemmar og samarbeidspartnarar.