Framtidsfylket karrieremesse

Delta på karrieremesse

Vi tar med oss næringslivet i Vestland for å møte deg på karrieremesse

Kvart år besøker vi Bergen, Trondheim, Oslo og andre byar for å møte deg som er nysgjerrig på arbeidslivet i Vestland. Med oss har vi kanskje Norges mest spennande jobbmarknad: næringslivet i Vestland.

Bedriftene er på jakt etter kandidatar som kan passe inn hos dei, og tar gjerne ein prat eller eit speedintervju med deg. Fagfeltet er breitt, og vi er heilt sikre på at du vil møte ein eller fleire aktuelle arbeidsgjevarar på messene våre.

På grunn av Covid-19 er årets messer sett på vent. Vi har mange spennande planar og nye konsept for 2021, og gler oss til å dele meir om dette når det er trygt å møtast igjen.

Digital jobbmesse

Fleire gonger i året arrangerer vi digitale jobbmesser. Bedrifter frå Vestland stiller med digital stand, og du kan besøke dei, chatte med dei og avtale jobbintervju. Ein effektiv måte å bli kjent med næringslivet og komme i kontakt med potensielle arbeidsgjevarar på. Følg med for meir info om vår neste virtuelle messe.