Bernt Erlend

Nyheiter

Bernt Erlend reiste verda rundt før Sogn og Sognekraft lokka han tilbake

Tekst: Ola Skram

Foto: Sognekraft og privat

– Det er godt å kjenne at ein høyrer heime ein plass. For meg er det mellom fjord og fjell, seier Bernt Erlend Fridell (33).

Halvanna år har gått sidan vikjen saman med familien valde å flytte heim til Sogn, nærare bestemt Hafslo, for å starta i jobben prosjektleiar for utbygging for Sognekraft Produksjon.

– Eg har ikkje angra ein dag, sler han fast.

Blant verdas beste

Trass ein relativt ung alder har Bernt Erlend ein overraskande lang og imponerande CV. Som 18-åring byrja han å jobba som elektrikar hjå YIT i Årdal. Det skulle ikkje ta lang tid før unguten skulle utmerka seg, nærare bestemt i konkurranseform. Som 20-åring vart Bernt Erlend norgesmeistar og tok EM-sølv i elektrofag, før han toppa det heile med ein kruttsterk bronsemedalje under World Skills 2011 i London.

I etterkant vanka mellom anna skryt frå dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

– Det var ei utruleg oppleving å konkurrere i faget mitt. Konkurransane og førebuingane gjorde meg utan tvil til ein betre fagperson. Kanskje spesielt når det kjem til dette med å jobba og levera under tidspress.

Les saka i NRK her

Kloden rundt på "hasteoppdrag".

Bernt Erlend henta mykje god erfaring på oppdrag verda over

Bernt Erlend henta mykje god erfaring på oppdrag verda over.

Å jobba under press skulle Bernt Erlend verkeleg få bryna seg på. Etter tre år med bachelorutdanning på Høgskulen i Trøndelag og jobbing på si vart vikjen tilsett som service ingeniør for Siemens i 2015.

– I den jobben reiste eg verda rundt for å setja i drift framdriftsanlegg på båtar. Eg hadde også i oppgåve å reparera feil som oppstod.

Basen var i Trondheim, og etter kvart Bergen. Men dersom ein feil på ein båt oppstod på andre siden av kloden hadde det lite å seie kvar Bernt Erlend var, eller kva han holdt på med. Då var det berre å hive seg rundt. Utrykket «tid er pengar» lot seg verkeleg gjelde.

– Ein kunne få beskjedar som «no tapar rederiet millionar av kroner for kvar dag og bota veks». Det vart nokre litt krevjande situasjonar. Ein lyt takla stress, kommunisera på framandspråk og forholde seg til andre kulturar. Eg fekk mykje verdifull erfaring ut av det.

Følgde nøye med på jobbutlysingar

Etter nesten sju år i Siemens var det tid for å flytte tilbake til Sogn. At det var nettopp Sognekraft Bernt Erlend enda opp i, er ingen tilfeldigheit i følgje han sjølv.

– For meg er Sognekraft ein av dei mest attraktive arbeidsplassane i Sogn. Eg hadde lenge på jobbsøk og følgde med på ledige stillingar, så venta eg på det riktige tidspunktet då heile familien var klar til å flytta heim.

Saman med kona Marit og dottera Vilma (2) har den vesle familien funne seg godt til rette på Hafslo, der dei flytta inn i eit flunkande nytt hus tidlegare i år.

– Me trivst svært godt. Noko av det kjekkaste med å bu i Sogn er at alt du treng er så nært deg. Anten det er barnehage, jobb eller berre å reisa ein tur opp i skiløypa eller til fjells. Og så er det fint å sleppa å sitja timesvis i kø kvar veke.

Roen og balansen vert rett og slett annleis i Sogn.

Ro og balanse i arbeidslivet

Det er no fleire ledige jobbar i Sognekraftkonsernet:

Ledige jobbar i Sognekraft
Ledige stillingar i Sygnir

Klare anbefalingar

Sjølv om han ikkje lenger må hastereisa verda rundt er det nok å gjera også i Sognekraft. Her får han bryna seg på ofte litt meir langsiktige arbeidsoppgåver hjå ein arbeidsgjevar som er ein sentral bidragsytar til det grøne skiftet i Sogn.

– I denne jobben får ein ei større forståing for infrastrukturen ein er heilt avhengig av, og ikkje minst alt det arbeidet som skal til for at me skal leggja til rette for eit samfunn som baserer sitt energiforbruk på fornybar energi. Meir kraft må til, enkelt og greitt. Det er eit viktig samfunnsoppdrag me bidreg med.

– Eg tykkjer slagordet vårt «drivkraft i Sogn» er eit godt slagord. Når me byggjer vil me bruka lokal arbeidskraft så langt det let seg gjera, me sponsar og gjer tilbake til lokalsamfunnet og me er synlege i form at me ønskjer å vera med på å skapa framtidige arbeidsplassar og industri i Sogn.

Vil dette med andre ord seie at du vil anbefala folk å ta ein titt på nokre av dei stillingane som er utlyst i Sognekraft-konsernet no?

– Ja absolutt. Eg forstår jo at eg er litt inhabil sidan eg allereie jobbar i konsernet, men eg tenkjer at fleire av stillingane, til dømes produksjonssjef stillinga, verkeleg er spanande. Det spørst kva ein vil jobba med og kvar ein vil bu. Slik eg ser det så er det vanskeleg å slå feil dersom ein endar opp her. Det er eg i alle fall glad for at eg gjorde, avsluttar han.

Familien set pris på nærheita til naturen

Familien set pris på nærheita til naturen i Sogn.

Alt er så nær i Sogn

Kanskje finn du drøymejobben i Sogn:

Sygnir: Organisasjons- og forretningsutviklar
Sygnir ser etter energimontørar
Driftskonsulent/ rådgjevar i Sygnir
Sognekraft: Rådgjevar kraftforvalting
Bli regneskapssjef i energikonsernet Sognekraft
Bli Produksjonssjef i Sognekraft

Fleire saker