Straumnettet er grunnlaget for elektrifiseringa – bli med du og!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Energimontørar Å-Test Fulltid

Våre energimontørar skal aktivt jobbe med trygg og effektiv drift av samfunnskritisk infrastruktur. Arbeidet er svært variert. Vi har stor aktivitet og søkjer energimontørar til montørbasen i Sogndal, Aurland og/eller Lærdal.

Som energimontør i Sygnir vil du få engasjerte og kjekke kollegaer, samt faglege utfordringar i eit framtidsretta selskap med viktige og interessante oppgåver.

Arbeidsoppgåver

  • Byggje, montere og dokumentere kabelanlegg, nettstasjonar, transformatorstasjonar og linjer i små og store prosjekt.
  • Drift og vedlikehald av eksisterande nettanlegg
  • Rettleie og vere eit førebilete for lærlingane

Ønska kvalifikasjonar

  • Fagbrev energimontør
  • Førarkort kl. B
  • Gjerne førarkort kl. C
  • Du beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Du tek HMS på alvor og tek aldri snarvegar.
  • Du er med og skapar ein trygg og sikker arbeidskvardag.
  • Arbeidet utfører du med fagleg dyktigheit og er ein problemløysar.
  • Du likar å arbeide sjølvstendig, men har gode samarbeidsevner.
  • Dei digitale verktøya lærer du deg og nyttar aktivt.

Vi ynskjer betre kjønnsbalanse i konsernet og oppfordrar generelt kvinner til å søkje.

Ta kontakt med overmontør Hans-Erik Vikøren på tlf. 99 09 90 43 om du har spørsmål vedrørande stillingane i Aurland og Lærdal, og overmontør Erling Sperle på tlf. 95 13 09 79 vedrørande stillinga i Sogndal.