Jobb med mange fagområde innan fornybar energ

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Driftskonsulent / Rådgjevar Sygnir Fulltid
Sygnir Logo

Sygnir

Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Frode Valsvik
950 48 029

Søknadsfrist

2. august 2023 Søk på stillinga her

Nettselskapet Sygnir, ein del av Sognekraft-konsernet, består av 80 framoverlente og dyktige teknologar, ingeniørar og montørar. Me ønskjer no å styrkje organisasjonen og søkjer derfor etter ny medarbeidar i MAFI.

Kven er MAFI?

MAFI har på kontroll på alle straum-/effektverdiar som flyt inn og ut av nettet til kvar AMS målar, kvar plusskunde, kvar utveksling med andre nettselskap,- i kvar dag, kvar time, kvart minutt,- 365 dagar heile året. Dette omfattar heile den økonomiske og tekniske verdikjeda - og gjeld alt i frå måling/avrekning, Elhub, og til slutt fakturering/innfordring mot kunde. Her er og grensesnitt mot kunde (t.d. SoMe og digitale kundeverktøy), samt tilhøyrande grensesnitt mot resten av organisasjonen (t.d. økonomioppgåver eller datakontroll).

MAFI ynskjer å ligge i forkant av bransjeutfordringane ved å

  • auke kvalitet på tenester og utvikle nye løysningar både mot eksterne kundar og internt i organisasjonen - noko som gjeld alt i frå økonomiske oppgåver til digitale og tekniske løysningar
  • effektivisere prosessar og optimalisere måten ein utfører oppgåver
  • vere i forkant av bransjekrav og forventingar

Kven er du i MAFI?

Du har utdanning innan økonomi, energi/elektro, IT eller andre relevante fag – slik at du kan bidra inn mot eit tverrfagleg team. Det vil vere ein fordel med kjennskap til energibransjen, anten gjennom teknisk kompetanse eller forståing for kraftnettet/kraftmarknaden. Erfaring med kundehandsaming kan og vere ein

fordel.

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan økonomi, energi/elektro, IT eller andre teknologiske fag
  • Erfaring kan vege opp for krav om høgare utdanning, ev. relevant fagbrev
  • Teknologisk forståing og interesse

Me tilbyr

  • Ei spennande stilling på ein arbeidsplass som er viktig for det grøne skiftet, samtidig som den er ein viktig regional drivkraft i Sogn.
  • Opplæring, kurs og stort potensiale for eigenutvikling.
  • Ein travel arbeidsplass med stor aktivitet, store satsingar og gode kollegaer i eit sosialt produktivt miljø.

Vi ynskjer betre kjønnsbalanse i konsernet og oppfordrar generelt kvinner til å søkje.

Ta kontakt med avdelingsleiar Frode Valsvik på tlf. 950 48 029 om du har spørsmål.

Kontorstad i Vik, Lærdal, Aurland, Sogndal eller Balestrand.