– VIL SKAL TILBAKE TIL SOGN OG FJORDANE

Skriven 11.02.2015 under Nyheiter

Vennegjengen på åtte frå Førde er klar i si sak: Dei vil tilbake til Sogn og Fjordane på sikt!

Marknadsføring, interiørdesign, spesialpedagogikk, sjukepleie og ingeniørfag. Dei har alle valt ulike karrierevegar, og drøymer om ei framtid i Sogn og Fjordane. Saman med 150 andre deltok dei på Framtidsfylket Karrieremesse i går kveld.

Rebekka Hjelle er i gang med å utdanne seg til grunnskulelærar, og ho er ikkje i tvil om at Sogn og Fjordane er hennar framtidige bupæl.

– Eg har sjølv gått på Slåtten skule, og eg meiner at det er den beste skulen i Norge. Der vil eg gjerne jobbe ein gong. Etter nokre år i hovudstaden ser eg det som heilt naturleg flytte tilbake til fylket. Når eg ein gong skal stifte familie, ynskjer eg å gje dei den trygge oppveksten som eg sjølv har hatt, seier Hjelle.

Stort mangfald

Tuva Rønning studerer interiørdesign, og meiner fjordfylket byr på mange mulegheiter.

– Det finst fleire interessante firma for meg, i tillegg er det jo muleg å starte opp sjølv. I Sogn og Fjordane er det færre om beinet, og med hardt arbeid er det mogleg å lukkast, seier Rønning.

Vennegjengen er overraska over mangfaldet i næringslivet i fylket.

– Mange av verksemdene som er her hadde eg aldri høyrt om. Karrieremessene er ein god mulegheit til å sjå kva som faktisk finst av moglegheiter. Det er ein viktig møteplass for å skape framtidige relasjonar, seier Hjelle.

Full klaff for fleire bedrifter

Karrieremessa i Oslo er den minste av messene, og foregår i uformelle lokale på Månefisken. 24 verksemder stod på stand, og fleire fekk konkrete kandidatar til sine stillingar

– Vi gjennomførte ein speed-date med ein svært god kandidat til juriststillinga vår. Vi skal heilt klart ha ein ny prat med ho på i slutten av månaden, seier Ingvill Hestenes, dagleg leiar i Melin Medical, og får støtte av Leif Gabriel Kapstad i Sunnfjord Energi.- Det har gått over all forventning. Vi hadde eigentleg ikkje så stor tru på å treffe nokon her, men vi har faktisk tre konkrete navn på blokka, som alle er svært interessante for oss, seier Kapstad.

Fleire verksemder må med

Oslo-messa er kjend for å tiltrekke seg eit modnare publikum, der mange kjem med barnevogn og kul på magen. Janne Marie Solheimslid skulle ynskje at fleire verksemder prioriterte å reise til hovudstaden.

– Vi har funne to svært gode kandidatar til IT-avdelinga vår, som vi no skal ha samtaler med i etterkant av messa. Det er ein klar verdi i å vere her. Men vi skulle gjerne vore enno fleire verksemder her, for å synleggjere det breie mangfaldet i næringslivet i Sogn og Fjordane, seier Solheimslid.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.