Thea Ueland Sætre

Nyheiter

Kombinerte studietida med eventyr

Som liten var draumen til Thea Ueland Sætre (30) å bli klesdesignar eller arkitekt, men på vidaregåande var det eit anna fag som fanga interessa.

Frå barndommen min hugsa eg at eg alltid drøymde om å skape noko. Først var det klesdesign som pirra fantasien min. Eg teikna kolleksjonar med haute couture plagg på mannekengar og elskar å kle meg ut. Men etter kvart tok draumen ein annan vending, og eg vart fascinert av arkitektur.

Eg har alltid vore kreativ, og har likt å teikne og å lage ting. Favorittfaget på barneskulen var heilt klart kunst og handverk. Det var kjekt å skape noko som ein kunne vise fram heime. Eg synest framleis det er kjekt å vere kreativ. Til jul fekk eg ei symaskin, og no går fleire ettermiddagar til å sy scrunchies og snøreposar. Håpet på sikt er å få til å leggje opp bukser og sy eigne kjolar.

Thea Ueland Sætre
Badeklubbfestivalen i Balestrand

Fann interessa for juss på vidaregåande

Valet om å studere juss vart ganske tilfeldig. Eg likte godt faget rettslære på vidaregåande, og tok utgangspunkt i dette då eg skulle velje studieretning. Eg har også ein far som har vore oppteken av at vi søstrene skulle velje ei studieretning der ein nærast var sikra jobb etter endt studium. Ei slik retning kan opne mange dører og leggje til rette for mange spanande jobbar, noko det også har gjort.

Grunna den korte avstanden mellom Førde-Bergen, falt valet på studieby ganske naturleg. I Bergen fekk eg oppleve studentlivet i ein storby, samstundes som at byen ikkje kjendest for stor.

Til Asia for å finne seg sjølv

Eg begynte på ein master i rettsvitskap ved universitetet i Bergen i 2013. Eg tok eitt års permisjon etter fyrste året for å reise og “finne meg sjølv”. Eg er usikker på om eg fann meg sjølv i Asia, men eg fann i alle fall meir motivasjon til å halde fram med studiet. Reiselysta vart likevel ikkje heilt metta, og i løpet av studiet tok eg eitt semester i Aberdeen i Skottland. Det var mykje reising gjennom «The Highlands», køyring på «feil» side av vegen og seine kveldar på dei skotske pubane med mine medstudentar.

– Eg er usikker på om eg fann meg sjølv, men eg fann i alle fall meir motivasjon

Thea i Asia

Etter mastergraden opna dørene seg i arbeidslivet. Eg fekk meg sommarjobb i Lotteritilsynet i Førde då eg var ferdig med masteren i rettsvitskap i 2019, og fekk tilbod om eit vikariat etter at sommaren var over. Jobben i tilsynet var spanande, og eg likte meg godt, men eg hadde ei kjensle av at eg enno ikkje var heilt ferdig med studiebyen, Bergen. I tjukkaste pandemitida flytta eg tilbake til Bergen. Eg starta å jobbe med pasientskadeerstatning i Nasjonalt klageorgan Helsetenesta der eg vart verande i 3,5 år.

Ein påskeferie med høg gevinst

På påskeferie heime i Førde møtte eg min noverande sambuar, og då var det gjort. Etter å ha pendla fram og tilbake Førde-Bergen eitt år, flytta eg tilbake til Førde. Eg fekk meg jobb i Stiftelsestilsynet, der eg jobbar i dag. Stiftelsestilsynet er nemleg eitt av to tilsyn (Lotteri- og stiftelsestilsynet) som er samla under eitt tak i Førde.

Thea Ueland Sætre
Thea Ueland Sætre

Kloke og engasjerte kollegaer

No jobbar eg i Stiftelsestilsynet. Det kjekkaste med jobben er klart dei gode kollegane mine. Det er eit fagleg sterkt miljø, med mange kloke og engasjerte hovud. I tillegg er det den største juristarbeidsplassen i Førde. Som jurist i Stiftelsestilsynet vert ein aldri ferdig utlært. Det dukkar stadig opp nye rettslege problemstillingar ein må setje seg inn i. Dette er også noko av det eg synest er kjekkast med jussen. Det er elles ein veldig god delingskultur på avdelinga, og det er alltid nokon å diskutere med.

I Stiftelsestilsynet jobbar ein med tilsyn og kontroll med stiftelsane i Norge. Per no jobbar eg med å handsame søknadar frå stiftelsar, samt å rettleie stiftelsane. Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein attraktiv arbeidsplass som eg varmt kan anbefale dersom ein ønskjer å vere del av eit større juristmiljø.

I tillegg til spanande arbeidsoppgåver og fine kollegaer, har eg ein fleksibel arbeidsplass med trening i arbeidstida. Det er perfekt på dagar med fint vær.

Måtte få seg toppturski

Det som gjer Førde til ein kjekk plass å bu, er heilt klart at dei flotte folka, fjella og naturen som omkransar byen. Under pandemien var det lite å finne på, og då foreldra mine kjøpte seg hytte på Grotli var det klart at eg måtte få meg toppturski.

Thea på topptur
Utsikt jølster

I Førde er det flotte fjell og fin natur i nær avstand, samt mange skientusiastar som alltid er klare for tur. Det er og kort veg til topptureldoradoet Jølster. Det står framleis att litt arbeid med skiteknikken, men viljen og gleda er klart til stades. I tillegg er eg heldig med svigerforeldre som eig ei flott hytte ved sjøen i Stavang, om lag ein time unna Førde. Her får ein verkeleg kopla ut. Elles er eg glad i å sy på symaskina, lage mat og spele brettspel.

Med ein solid jobb, gode venner og ein fantastisk natur rundt meg, kjenner eg meg privilegert.

Er du Stiftelsestilsynet sin nye jurist?

Skrive master i jus? Lotteri- og stiftelsestilsynet tilbyr deltidsjobb og skriveplass

Fleire saker