Asbjørn Lote, Polyfjord

Nyheiter

Realiserte draumen om å bli YouTubar på fulltid

Tekst: Stine Bortheim

Foto: Privat

«Polyfjord er eit resultat av at eg ikkje er skapt for å jobbe for nokon. Eg har store problem med å ta beskjedar frå folk, men når eg jobbar med akkurat det eg vil går det ekstremt fort»

Asbjørn Lote har flørta med gründervirksomhet sidan vidaregåande. Han har allereie rukke å jobbe med store namn som Imagine Dragons og Nike, men den store draumen var å ha friheit til å jobbe med akkurat det han sjølv ville. Med YouTube-kanalen sin lever 29-åringen ut draumen.

3D-kunstnar og sjølvstendig entreprenør

«Eg er ein person som brukar mykje tid på ting som skal røre seg på dataskjermen.» seier Asbjørn Lote, YouTubar og gründer av Polyfjord AS, når eg spør kven han er.

Asbjørn visste tidleg kva han ville jobbe med. Alt på vidaregåande søkte han seg inn på media og kommunikasjon, deretter Danvik Folkehøgskule som førte han til 9 månar praksis hos Storyline studios.

«Det var meganice! Der lærte eg alt det praktiske med å arbeide med VFX. Eg fekk sjå korleis ei VFX-bedrift jobba til dagen med alt frå filstruktur til korleis å holde møte. Eg fekk rett og slett kjenne på korleis det er å jobbe i eit større maskineri. Sjølv om mi bedrift er veldig annleis følte eg at dette gav meg ein superpower.» Fortel han ivrig.

Etter dette tok Asbjørn ein bachelor i Film og TV på Westerdals og master i Entreprenørskap på NTNUs Entreprenørskole.

«Så snart eg hadde levert masteren satsa eg fullt på YouTube.»

Frå draum til verkelegheit

«Polyfjord er bedrifta mi og det eg brukar mest tid på, utan om sambuaren min Camilla då» seier Asbjørn med eit stort smil.

Asbjørn Lote, Polyfjord

Skjermklipp frå ein av Asbjørn sine Youtube-videoar

Bedrifta er ikkje berre ei kjelde til inntekt, men ein plattform der Asbjørn kan uttrykke seg fritt utan ytre press.

«Eg har ingenting som held meg tilbake og ingen sjef som kjem og seier at eg må bytte passord!» ler Asbjørn.

«Enkelte gongar har eg hatt møte med større bedrifter og eg innser berre kor sjukt ineffektivt det er å ha møte. Eg klarer heilt fint med den teknologien eg har i dag å gjere alle oppgåvene mine aleine, eg treng berre ein rekneskapsførar og ein agent.» fortel han.

– Kva er det som driv deg?

«Eg hadde lyst å ha den friheita, den unnar eg alle

– Men kva med kollegaer?

«Eg saknar å ha kollegaer, men det er mest på det sosiale. Nokon å ete lunsj med og kødde med.» seier Asbjørn.

Gründerlivet

– Korleis ser ein typisk arbeidsdag ut?

«Eg vaknar når faen eg vil og det er nice,» ler han, «men eg har ein regel om å være maks 1 dag på heimekontor i veka fordi det er alt for digg.»

«Den største utfordringa er nok sjølvdisiplin,» erkjenner han, «ingen seier kva eg skal gjere og belønnnigssenteret mitt er nok heilt ute av drift.»

– Korleis motiverer du deg då?

«Det er ikkje så digg å være rik trur eg men det er ubehageleg å vere fattig.» seier Asbjørn tankefullt.

«Då eg starta opp selskapet hadde eg nok pengar til å leve på i seks månadar, det var ei fantastisk kjensle. Men eg måtte få det til å gå rundt. Nød lærer naken kvinne å spinne, og eg jobba skikkeleg hardt den perioden. Eg har aldri hatt så mange views på videoane mine som eg hadde då.»

«No er eg litt i same situasjon for no skal eg kjøpe hus saman med sambuaren min, dermed går produktiviteten opp. Eg har aktivt begynt å tenke korleis eg ha dette som jobb og har blant anna begynt med reklame i videoane.» Fortel Asbjørn.

Sci-Fi, cyberpunk-blekksprut

Med ein YouTube-kanal som blomstrar og kreative idear som stadig tar form, har Asbjørn ei unik friheit.

«Akkurat no jobbar eg med å lage ein blekksprut. Eg har filma skjermen i 7 timar, og til slutt blir det ein YouTube-video som viser prosessen og korleis eg lagde denne.»

Octopus made in Blender

Asbjørn sitt siste prosjekt er ein Sci-Fi, cyberpunk-blekksprut laga i Blender

«Eg fekk ideen for nokon veker sidan, eg ville lage en SciFi, cyberpunk-blekksprut. Eg hadde eigentleg andre ting å gjere, men sidan eg ikkje har ein sjef som seier kva eg skal jobbe med tenkte eg nei, den blekkspruten vil eg lage. Og her sitter eg då.» Smiler Asbjørn fornøgd.

«Med litt reklame og sponsa innhald vil eg til saman tene ei heil månadsløn på denne eine ideen. Det er veldig deilig.» forklarar han.

«Er du YouTubar lagar du innhald for deg sjølv, og slepp å ta bestilling.»

Visuals til Imagine Dragons

Sjølv om Asbjørn jobbar med den han vil no, har han hatt nokre spennande oppdrag oppgjennom.

«I 2017 fekk eg melding frå en på Instagram som var interessert i ein røykmann-animasjon eg hadde laga. Det viste seg at han representerte Imagine Dragons og dei ville bruke røykmannen som ein del av sceneshowet på Evolve-turneen deira.» fortel han.

– Det viste seg at han representerte Imagine Dragons!

Visuals for Imagine Dragons

Røykmannen til Asbjørn på Evolve-turneen til Imagine Dragons

«Då dei kom til Norge var det mange eg kjende som skulle på konserten, og det var jo litt gøy at dei skulle få sjå animasjonen min som ein del av showet. Dessverre vart det endringar i akkurat den konserten i Oslo, så songen eg hadde laga sceneshow til vart bytt ut med noko anna».

Ein kvart million i retur

«Det største oppdraget eg har hatt var for Nike. Det var veldig hemmeleg og strengt. Eg skulle gjere ein røyksimulering i forbindelse med lansering av ein ny sko.» Fortel Asbjørn.

«Då eg skulle fakturere dei sendte eg faktura i norske kroner. Eg visste ikkje min eigen verdi og tok veldig lite betalt, så lite at Nike må ha tenkt at det var feil og betalte meg i dollar. Eg fekk heilt panikk og sendte dei mail med URGENT i emnefeltet og ba dei stoppe betalinga og korrigere til norske kroner. Eg sendte tilbake ein kvart million kroner!» Ler Asbjørn

«Då eg fortalde denne historia til lærarane på entreprenørskulen, fekk mange av dei fysisk vondt. Det er utruleg artig å sjå folk ta seg til hjarte fordi eg kasta vekk så mange pengar av å vere ein beskjeden sunnfjording» humrar han.

Å oppleve heimbyen som vaksen

Asbjørn flytta heim til Førde med sambuaren i juni 2023.

«Oslo har eit bra miljø og hadde eg budd der kunne det kanskje vore lettare å generere inntekt ved å ta kontakt med, og møte folk spontant. Men eg trur ikkje eg hadde vore meir kreativ. Eg får mykje meir av å vere i heimbyen min. Berre det å sjå på fjella...» seier Asbjørn tankefullt

«Det er snart eitt år sidan eg flytta heim og for første gang får eg oppleve alle årstidene på nytt som vaksen. Eg får sjå fargane endre seg på hausten og kor mørkt det blir på vinteren og at sola ikkje kjem rundt Hafstadfjellet før den og den datoen.» Reflekterar han.

– Kva er målet?

«Polyfjord skal vere ein slags sluk der eg kan kaste alt eg vil gjere oppi. Det vere seg å lage ein animasjon av ein blekksprut, eller å stikke på Fureviknipa og filme med drone for å animere eit romskip som heng over Førde sentrum, eller komponere ein song på piano som eg brukar i videoane mine.» fortel han.

Asbjørn sin mest sette video med 27 millionar visningar

«Animasjon handlar om rytme og timing». Seier Asbjørn

Og med ein fot i animasjon og den andre i YouTube-verda har Asbjørn Lote funne sin eigen rytme.

Fleire saker