arrangement

Nyheiter

Topptur, topp jobb og topp liv, korleis?

Kom på Pizza og Bedriftspitch under Fjellsportfestivalen i Sogndal, og få auga opp for alle moglegheitene som ventar på deg i Sogn!

Drøymer du om at kvar dag var ein friluftsfest?

Vi gjev deg eit lynkurs i korleis å skape seg eit godt arbeidsliv. Fritt for tørr teori - vi går rett på sak.

I tillegg har vi med oss Highsoft, NAV Økonomiteneste, Sognekraft/Sygnir og Digdir som kun treng 4 minutt kvar til å overbevise deg om at eventyret ligg i Sogn.

Vi trekk ein heldig deltakar som vinn eit gåvekort på 5000,- hos SGN skis

Topptur

Kjapt frå 2 eventyrarar som har knekt koden

Ei traineestilling med fokus på klima var det som skulle føre eventyraren Bror attende til Sogndal.

«Det er kjempefint å kome seg ut i distriktet. Det er mykje som skjer her» seier Bror, som opphaveleg kjem frå Drøbak.

Han er trainee i Vestlandsforsking, der han jobbar med forsking og formidling av klimaomstilling og klimatilpassing. Han synest ikkje overgangen frå studentliv til arbeidslivet har vore altfor stor, og er glad for å ha fått i pose og sekk: ein givande jobb og rå friluftsaktivitetar rett utfor døra.

Sjå ledige traineestillingar

Jørn Mortensen er 29 år gammal og kjem frå Lommedalen. Han har gått frå trainee i miljø- og avfallsselskapet SIMAS IKS til fast stilling som rådgjevar i berekraft og kommunikasjon.

Jørn studerte fornybar energi ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Studietida vart fylt med ski, buldring, studentverv og moro. «Og akkurat dette miljøet og mulighetene for ski og buldring var noen av grunnene til at jeg ønsket å bli værende i Sogn.»

Jobb i Sogn?

Har du lyst å vite meir om jobb i Sogn, då må du komme på Topptur, topp jobb, topp liv 22. februar og frukost med Sogn Næring 23. februar

Sjå programmet for Fjellsportfestivalen

Psst! Få eit glimt av kvardagen til Bror:

Fleire saker