Framtidsfylket Karrieremesse

Nyheiter

– Go Vestland! Sa austlendingen

«Det her er ein kjempemåte å rekruttere arbeidskraft på!» utrykker ein entusiastisk Johannes Malkenes. Han jobbar hos Leirvik AS og deltek på Framtidsfylket si karrieremesse for første gong.

I dag står han på regionstand saman med Bu i Sunnhordaland. «Studentar er veldig interesserte i å høyre kva vi har å seie».

Totalt 90 arbeidsgjevarar frå alle regionane i Vestland fylke var samla i Grieghallen 13. februar for å gi studentar og unge lovande ein unik arena å utforske mangfaldet av karrieremoglegheiter i fylket.

«Det er utruleg kjekt at vi har fått med oss heile fylket på årets karrieremesse. Det har ein enorm verdi å stå samla og i fellesskap framsnakke Vestland. Det blir lagt merke til.» – Linda Hovland, Dagleg leiar i Framtidsfylket.

Mangfald i jobbmarknaden

Breidda i moglegheiter var tydeleg presentert.

Synnøve Aaberg Skjærli er student og ferdigutdanna innan sal og marknadsføring til våren, då er planen å flytte heim igjen til Sunnfjord. "Eg drog på karrieremessa for å bli betre kjent med næringslivet heime og for å finne meg ein potensiell ny jobb. Det var utrulig mange spennande arbeidsgjevar, og mange eg ikkje visste eksisterte." fortel Skjærli og fortset:

"Bedriftene eg snakka med var åpne og gav meg tips og inspirasjon til vegen min vidare. Messa i seg sjølv er eit utruleg godt tiltak for å bli kjent og få kontakt med næringslivet, og eg er veldig glad for at eg reiste!"

Karrieremesse

Arbeidsgjevarar frå Nordfjord i Nord til Sunnhordaland i Sør

Utfordrande å være den sørlegaste kommunen

Eileen Selland er Einingsleiar for utvikling i Etne, den sørlegaste kommunen i fylket. Ho står regionstanden til Bu i Sunnhordaland og fortel om jobben hennar: «Det er jo litt stereotypiar om det å jobbe i ein kommune, men det å faktisk ha ei påverknad på nærmiljøet ditt som du skal leve i, barna dine er i, vennane dine, deira ungar og besteforeldre, det synest eg er veldig kjekt»

Vidare fortel ho at å vere den sørlegaste kommunen som deltek på karrieremessa kunne vere utfordrande, men for Selland var det ei glede å vere til stades. «Vi har nytta oss av bedriftene som er med oss på regionstanden, og eg håpar absolutt at vi etter denne dagen kjem til å få nokre nye namn og ansikt inn i kommunen vår», uttaler ho håpefullt.

Bygge merkevare for rekruttering av talent

Karrieremessa er ikkje berre ein sjanse til å presentere karrieremoglegheiter, men òg ein arena for arbeidsgjevarar å bygge si merkevare som attraktive arbeidsplassar.

«Employer branding er viktig for oss. Det at vi er synleg som bedrift er nesten like viktig som at vi får tak i kandidatar." Seier Anne Jorunn Fjærestad frå Highsoft

Ho fortel at dei får interessante søkjarar frå heile verda. «Det er mange som har lyst å jobbe hos oss og det set vi pris på. Og fordi vi snakkar engelsk på jobb så er vi også attraktive for internasjonale søkjarar. I Highsoft tenkjer eg at det er store moglegheiter å vekse både fagleg og personleg og ein får oppleve mykje gøy.»

Panelsamtale

Grøn Region Vestland held miniseminar om grøn omstilling

Ikkje alltid kompetansen treff

Malin Steinset er HR ansvarleg i Fjord1 og har hovudansvar for all rekruttering til organisasjonen. «Karrieremessa er utruleg kjekk, du får møte folk ansikt til ansikt og du får innsikt i kva utdanningsretningar som finst. Kanskje du og kan bli litt overraska over den kompetansen folk har.»

Ho fortset:

«Berre det å etablere relasjonar og kontakt er viktig. Nokon gongar møter vi kandidatar med kompetanse som vi kanskje ikkje heilt er ute etter no, men når vi veit at dei finst så kan vi ta kontakt seinare. Vi har rekruttert folk vi har møtt på denne messa før så det er veldig positivt.»

Og resultatet av dagen?

«I dag har vi fått mange gode namn på blokka som vi ønskjer å gå vidare med. Blant anna folk som har meldt seg inn i Nordfjord alumni som ønskjer at vi skal hjelpe dei å finne ein plass å jobbe i Nordfjord, både innan helse men og økonomi og HR.» Fortel Tonje Bjerkan, Dagleg leiar i Nordfjordakademiet og fortset: «I Vestland fylke får du alle slags moglegheiter. Først og fremst det gode livet på bygda med vakker natur, men også spennande jobbmoglegheiter.»

Even Tørnes i Aider seier seg også nøgd med dagen

– Det er forferdelig mye verdiskaping i Vestland!

Karrieremesse

«Vi har fått eit par namn som kan være interessante, så det er vi veldig fornøgde med. Det er forferdeleg mykje verdiskaping i Vestland fylke så her er det gode moglegheiter rundt om både hos alle bedriftene som står på stand, men og i Aider.»

«Det er go Vestlandet! – selv fra en østlending» – Even Tørnes, Aider

Fleire saker