Vil du betre kvardagen til andre?

Skriven 08.11.2019 under Nyheiter, Ukategorisert

Vel, då er Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter riktig stoppestad for deg.

På Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er dei opptekne av å legge til rette for aktivitet og deltaking for alle uavhengig av funksjonsnivå. Årleg tek dei imot kring 1300 personar som får spesialisert rehabilitering på senteret.

 

Mange goder

Likevel er det ikkje berre jobb som står på agendaen. Med nydelege omgivnader og ein sosisal arbeidsdag, er det mange som finn seg godt til rette både på jobb og i fritida. Som tilsett får du nemleg mange goder ved Haugland. Du får mellom anna fri tilgang til treningsrom og treningsutstyr. I tillegg vil du også få moglegheit til å benytte deg av utstyr og fasilitetane ved sida av jobb.

Givande

På arbeidsstaden finn du ein brei tverrfagleg stab med ulike faggrupper som arbeider tett saman i kvardagen. Det blir  nytta ei heilskapleg tilnærming, der pasientane sine ressursar er viktigare enn begrensingane. Vårt mål er å vera i front innan spesialisert rehabilitering, og legg difor til rette for at tilsette både får vidareutvikle eigen kompetanse og vere med prosjekt for utvikling av fagområdet.

 

Her er dei fem stillingane som er lyst ut:

 

Legespesialist

Har du interesse for å arbeide med eit ressursorientert fokus innan rehabilitering? Som legespesialist vil du ha varierte arbeidsoppgåver i eit høgt kompetent tverrfagleg miljø. Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide tverrfagleg vert vektlagt.

 

Fysioterapaut x2

Som fysioterapeut vil du inngå i eit tverrfagleg team. Du vil fungere som koordinator og ha ansvar for oppfølging av pasientar. Arbeidet omfattar mellom anna klinisk undersøking, pasientsamtalar, tilpassing av aktivitet og  tilrettelegging av mestringsaktivitetar både ute og inne.

 

Miljøarbeidar

Ei nyoppretta stilling der hovudoppgåva er å legge til rette for meistringsaktivitetar inne og ute, og bidra til at pasientane får eit variert kultur og fritidstilbod. Miljøarbeidaren vil delta saman med helsepersonell i ulike aktivitetar, samt følgje pasientar i aktivitet og til/frå aktivitet.

 

Assistent

Ønsker du ein variert, sosial og aktiv arbeidskvardag? Assistenten vil mellom anna følgje pasientar til og frå aktivitet, samt assistere helsepersonell i pasientaktivitetar inne og ute. Du vil må trivast saman med andre, samtidig som at du kan arbeide sjølvstendig.

  

Ikkje heilt gata di? Sjekk ut andre stillingar i jobbsøkarportalen.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.