Magnus er sommarvikar i Framtidsfylket

Nyheiter

Magnus skal evaluere effekten av sommarjobb

Hels på vår sommarkollega Magnus! Han skal bruke sommaren i Framtidsfylket på å analysere Sommarjobb i Vest-kampanjen.

I spalta «Min sommarjobb» får du møte unge menneske som brukar sommaren på læring, utvikling og spennande prosjekt i Vestland fylke.

Kva går jobben ut på?

I sommar er eg ansvarleg for å planlegge, utvikle og gjennomføre ei evaluering av «Sommarjobb i Vest»-kampanjen som er gjennomført på vegne av NAV, NHO Vestland og Vestland fylkeskommune. Det inneber å lage ei mixed methods-undersøking for å avdekke erfaringar og moglegheiter med sommarjobbar, internships og vikariatstillingar. Etter at både arbeidsgivarane og arbeidstakarane har svart på undersøkinga, skal eg utarbeide ein rapport for å sjå på korleis begge partar kan bidra til ei betre oppleving neste sommar.

Kva er det mest spennande med jobben?

Det mest spennande med jobben er å få bruke kunnskap og erfaringar i ein ny samanheng, samtidig som det gir rom for vidare læring. Samtidig er det spennande å få ei praktisk tilnærming til korleis ein driv prosjekt, der eg óg kan sette mitt eige preg på arbeidet. I tillegg er det givande å kunne bidra i eit positivt, nytt og engasjerande arbeidsmiljø, til tross for at vi sit på ulike stadar i landet.

Korleis får du brukt utdanninga di, eller interessene dine, i jobben?

Både studiet og interesser er relevant for arbeidet eg gjer i sommar. På eine sida bidrar fag som statistikk, prosjektleiing og AI direkte inn i arbeidet, og er til hjelp for å kunne utføre arbeidet på ein god måte. Så er det er verdt å legge til at interessa for menneske, kommunikasjon og organisasjonar også er ein medvirkande ressurs.

Grieghallen

Til vanleg er Magnus student i Bergen og er blant anna aktiv i studentorganisasjonen Springbrettet. Her frå eit karriereevent i Grieghallen.

Kva håpar du at du vil lære i løpet av arbeidsperioden?

Eg håpar å få lære enda meir om å drive prosjekt i nye kontekstar og arbeidsmiljø, med ulike arbeidsoppgåver og ansvar knytta til arbeidet. På same tid ser eg fram til å lære meir om områda dei andre i Framtidsfylket jobbar med, og lære meir om bedrifta som heilheit. I tillegg er det ikkje utenkeleg at eg vil lære meir om Vestlandet i møtet med mine kollegaer, som er det vi kan kalle vaskeekte «vestlandspatriotar».

Kva erfaringar vil du ha med deg vidare?

Eg vil først og fremst ta med meg eit breiare grunnlag innan prosjektleiing, behandling av data, rapportskriving og analyse, men også den mellommenneskelege delen av jobben. I tillegg vil eg ta med meg engasjementet kollegaene mine møter meg med, til inspirasjon i seinere arbeidsliv.

Ski

Ski og fjell står på agendaen når Magnus ikkje studerer eller jobbar.

Fiske

Det same gjer fiske og båtliv.

Kvifor valde du å takke ja til akkurat denne jobben?

Jeg takka ja til jobben først og fremst fordi eg ser verdien av å tilegne seg jobberfaring i ulike kontekstar. Som ung har ein moglegheita til å prøve ut ei rekke jobbar, noko som er med på å gje eit betre grunnlag for å vite kva ein vil gjere seinare i livet. Samtidig har eg lyst å bidra til det Framtidsfylket jobbar for, noko som gjer jobben ekstra motiverande i seg sjølv.

Til slutt er det sjølvsagt verdt å nemne at det er kjekt med litt ekstra i lommen når studiestart omsider kjem!

Eg er takknemleg for moglegheita og ser fram til ein kjekk sommar på lag med Framtidsfylket.

Velkommen til oss, Magnus!

Fleire saker