Velkommen som bedriftsdeltakar på karrieremessa i Oslo!

Skriven 08.01.2019 under Ukategorisert

På denne sida vil vi legge ut all praktisk informasjon knytta til karrieremessa.

Tidskjema:
09.00 – 10.00: Rigging (Det er også mogleg å rigge mellom klokka 15 og 17 på fredagen. Ring i så fall Linda i forkant, tlf: 99 01 78 52)
10.00 – 10.15: Pep talk med Linda
10.30 – 14:00– Messeprogram
14.00 – Nedrigg

Informasjon om etterfest kjem seinare.

Adresse: Kjelsåsveien 143, 0491 Oslo

Parkering: Museet har avgrensa tal parkeringsplassar og anbefaler å reise kollektivt med buss og tog. Finn informasjon her.

Frakt:
For å sende materiell i forkant sender de dette til adressa som står over. Markér sendingane godt med «Framtidsfylket karrieremesser». Hugs også å bestille returfrakt!

Stand: alle som treng vil få tilgang på

  • Straum
  • Wifi
  • Avgrensa 3 x 1,5 m golvareal til stand. Det kan bli litt trangt så vi oppfordrar til å kun ha med ein rollup og ikkje heile messeveggar om det er mogeleg.
  • Om de ønsker oppheng eller ved spørsmål ber vi dykk om å ta kontakt med messelokala direkte. Kontakt: Andreas Hammer tlf: 98684975
  • NB: Ta med eigen skøyteledning

Overnatting:

Booking skjer direkte til hotellet.

Hotell: Scandic Byporten, Jernbanetorget 6, 0154 Oslo 
Telefonnummer: 21 61 51 02
Pris pr rom: enkeltrom 1290,- og 1490,- for dobbeltrom, inkludert frukost
Bookingfrist: Beklager, fristen har gått ut. Ta kontakt med hotellet!

Hugs å:

  • Legge ut ledige stillingar og sommarjobbar på framtidsfylket.no. No er det høgsesong for trafikk på framtidsfylket.no!
  • Melde ifrå kven som skal stå på stand for dykk slik at vi kan gjere klar namneskilt og bestille riktig mengde mat.

Marknadsføring:

Marknadsfør dykk i forkant av messene! Uavhengig om de har ute ledige stillingar eller ikkje, bruk facebooksidene dykkar, heimesidene, nyheitsbrev, og fortel folk at dei kan møte dykk. Del gjerne kva kompetanse de ser etter!

Jungeltelegrafen virkar! Oppfordre alle de kjenner i Bergen til å kome, og å invitere med ein ven på messene – bruk både privat- og jobbnettverk! Her er lenke til facebook-arrangementet i Oslo.  Inviter, inviter og inviter!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.