Tuva Eide

Skriven 28.09.2018 under Trainee

Utdanning

Bachelor i statsvitskap og språk frå University of Cape Town, Sør-Afrika, og ein master i entreprenørskap, innovasjon og samfunn frå NTNU, Trondheim.

Traineestilling

Eg er trainee i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane (KPSF), og jobbar som forretningsutviklar. Vi har hovudkontor i Sogndal, men har også ein avdeling i Førde, der eg sit. KPSF fungerer som ein rådgivar og tilretteleggar for gründerar som ønskjer å utvikle ein forretningsidé, og vi tilbyr mellom anna plass i ein bedriftsinkubator. I tillegg jobbar vi med å skape koplingar mellom akademia, næringslivet og det offentlige, for å få til meir innovasjon og nyskaping i fylket.

Arbeidsoppgåvene mine til no har vore midt i blinken for meg, både med tanke på utdanning og interesser. Eg trivst godt i ein variert kvardag, der eg får treffe både gründerar, næringslivsaktørar og tilretteleggingsaktørar. Til no har eg veileda gründerar, vurdert søknadar til etableringstilskot, og har jobba med kommunikasjonsarbeid. Gjennom året skal eg vere med i arbeidet med å identifisere, evaluere, utvikle og kommersialisere nye idéar og forskingsresultat, og skal bidra til å gjere inkubatoren attraktiv for potensielle inkubatorbedrifter, eigarar og sponsorar. I tillegg skal eg vere med å sette igang og delta i nye utviklings- og samarbeidsprosjekt med andre verksemder og innovasjonsmiljø.

Difor søkte eg traineestillinga

På ei av karrieremessene dykkar fekk eg augene opp for jobbmoglegheitene som finst i fylket. Då Kunnskapsparken seinare lyste ut ei traineestilling var eg ikkje i tvil om at eg skulle søke!

Forventingar

Eg trur dette året kjem til å gå veldig fort! Eg har berre vore her ein månad, men har allereie opplevd mykje av naturen og det sosiale som Førde har å by på. Til no likar eg kvardagen min veldig godt, og ettersom det er kvardagar det er mest av, trur eg at tida kjem til å fly! Eg håpar å kunne opparbeide meg masse erfaring innanfor fagfeltet mitt, og så satsar eg på å forbetre fjellforma mi no som eg har så flotte turmoglegheiter!

Refleksjonar rundt karrieremoglegheitene i Sogn og Fjordane

Inntrykket mitt av folka her i Sogn og Fjordane er at dei er opne og gjestfrie. Det trur eg smittar over på arbeidslivet, kor det finst veldig mange som ikkje er her ifrå. Eg opplever i tillegg at det er ein voksande kultur for innovasjon og nytenking innan veldig mange bransjar, noko som vil opne dørane desto meir for arbeidskraft og kompetanse frå andre stader. Når ein organisasjon som Framtidsfylket i tillegg er så veletablert i både privat næringsliv og i det offentlige, trur eg at karrieremoglegheitene berre kjem til å vekse!

Framtidsutsikter

Eg håpar og trur at stillinga mi i Kunnskapsparken kjem til å gje meg eit godt utgangspunkt for vegen vidare i arbeidslivet, anten her i bedrifta eller ein annan stad. Dersom eg trivast så godt som eg gjer no om eitt år, så skal ein ikkje sjå bort ifrå at eg vert buande her!

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.