Tru mot konseptet

Skriven 22.04.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Videonor/Whereby siktar høgt og skal doble antal tilsette på kort tid etter videosuksessen. Frå videochat i Måløy, fortel dagleg leiar i Videonor, Øyvind Reed, kvifor dei fortsatt skal vere tru mot konseptet.

– Reint teknisk låg det meste til rette for at vi skulle kunne takle overgongen. I det vi fekk fleire brukarar, kunne vi skalere serverkapasiteten vår og kjøpe meir plass. Dermed takla vi overgongen svært bra, seier Reed.

Ettertrakta blant kundar og arbeidssøkjarar

Sjølv om det i hovudsak er antal brukarar av tenesten som har auka kraftig, får Reed også kjenne på veksten på andre vis. Frå å ha to til tre henvendingar på LinkedIn-profilen sin, har han no mellom 20-30 henvendingar frå personar som vil jobbe for Videnor og Whereby kvar dag.

– Vi skal også tilsette mange i tida framover, men eg ser at fleire som henvender seg ryker tidleg i søknadsprosessen. Dei må vere genuint interessert i produktet vårt. Er det ein oppkopiert søknad som går til fleire arbeidsgivarar, er det ikkje interessant. For oss er det viktig at ein tørr å meine noko, og vise at ein kan utgjere ein skilnad eller bidra på eit vis.

Mindre tiltak med stor effekt

Reed trur ikkje at det er produktet i seg sjølv som er avgjerande for å vere attraktiv hjå arbeidssøkande. I Whereby meiner dei å ha knekt koden for å skape trivsel blant dei tilsette. 

– Trivsel gjer at folk skryter av jobben. Vi har fleire tiltak for å skape trivsel: Utanlandsturar, kvar fredag har vi eit sosialt forum (Friday-Friyay), kor vi diskuterer eit nytt tema for kvar gong. Elles blir vi eit par gonger i veka matcha i ein tilfeldig video-kaffeprat med ein kollega, og då har vi ein regel: Det er ikkje lov å prate jobb. Det gode arbeidsmiljøet blir lagt merke til, samtidig som dei tilsette ønskjer å jobbe for eit felles mål saman med dei andre, forklar Reed.

Den daglege leiaren seier også at dei må ta hensyn til at det er fleire som ikkje er like sosiale, og at dei ikkje skal presse tilsette til å delta på alt som foregår.

Meiner næringslivet undervurderar noko svært viktig

– Det er mykje bedrifter kan bli betre på. Når dei går ut i avisa og klagar på at dei ikkje får tak i arbeidskraft, burde dei sjå på korleis dei jobbar aktivt med rekrutteringa til bedrifta. Det er eit strategisk arbeid som går over lengre tid, seier Reed.

Han legger til at dei burde bruke ressursar på rekrutteringsarbeid, og meiner fleire har ein lang veg å gå.

Å byggje kultur

– Hos oss skal det vere lov å feile. Tilsette får tillit til å prøve seg fram, og dei skal ikkje vere redde for å mislykkas i det dei held på med. Samtidig veit dei kva forventingar som ligg for dei i jobben, med effektivitet og produktivitet. Eg kjem ikkje til å overvåke dei, men gir dei heller tillit. På den måten skal alt ligge tilrette for dei å utføre jobben, fortel han.

Jobbar “remote”

Eit viktig poeng i tilsettingsprosessen er ikkje kvar dei bur, heller kva dei er gode på, om ein skal tru Øyvind Reed. Derfor tillet dei at dei tilsette jobbar “remote”, og ikkje er låst til eit kontor.

– Vi baserar jo heile konseptet på at ein skal kunne jobbe like bra uansett kor ein sit. Derfor vil vi også praktisere dette sjølv, og har no tilsette frå Sør-Afrika til Måløy. Dette er framtida. Skal vi kunne selje produktet vårt, må vi kunne stå inne for kva vi faktisk trur på. Vi har 30 000 kundar, men ingen som jobbar med sal. Produktet skal selje seg sjølv, avsluttar Reed.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.