Trine Asp Sande

Skriven 28.09.2018 under Trainee

Utdanning

Eg er utdanna energiingeniør frå Høgskulen på Vestlandet, avdeling Kronstad. Dette er ei utdanning som har gitt meg kunnskap om energiproduksjon, -distribusjon og -bruk, samt læren om ulike energikjelder som fossil energi, vasskraft, solenergi og vindkraft. Før eg begynte på bachelorgrada tok eg fagbrev som CNC-operatør gjennom linja tekniske- og allmenne fag (TAF) på Måløy Vidaregåande skule og lærlingplass hos ITM AS i Florø.

Traineestillinga

I august begynte eg i stillinga trainee innan ingeniørfagleg prosjektledelse ved Westcon Yards i Florø. Arbeidsoppgåvene mine vil vere avhengig av kva prosjekt eg arbeider med. Eg skal innom fleire områder i bedrifta for å gå gjennom alle fasane til ulike prosjekt. Typiske arbeidsoppgåver kan vere 3D-modellering, dokumentkontroll og utarbeiding av teknisk underlag til prosjekta.

Difor søkte eg traineestillinga

Grunnen til at eg ville bli trainee gjennom Framtidsfylket sitt traineeprogram er at eg tenkjer det er ein god start på arbeidslivet som ingeniør. Dette programmet vil føre til at eg tilegnar meg mykje kunnskap innan ulike avdelingar og områder i bedrifta, noko som ikkje er ein selvfølge om ein er vanleg tilsett. Å få moglegheiten til å flytte til heimbyen min Florø var også eit stort pluss når eg søkte på stillinga.

Forventningar

Forventningar til året er at eg skal få djupare kompetanse innan ulike fagfelt og utfordre meg sjølv. Gjennom traineesamlingane håpar eg at eg kan få eit større innblikk i kva Sogn og Fjordane har å tilby av karrieremoglegheiter, samt å kunne knytte nettverk og dele erfaringar med andre traineear på tvers av ulike bransjar.

Framtidsutsikter

Når det gjeld framtidsutsikter ønskjer eg først og fremst å ta eit år av gangen for å få ordentleg innblikk i bransjen, men eg ser absolutt på Westcon som ein potensiell arbeidsplass over lengre tid ettersom det er ei svært interessant bedrift med mange moglegheiter.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.