Tradisjon, innovasjon og inspirasjon!

Skriven 12.12.2018 under Nyheiter

Ei julehelsing frå dagleg leiar i Framtidsfylket

Det nærmar seg jul og nytt år med stormsteg. Eg sit i eldhuset på tunet vårt i Dale og røyker pølser og kokar svinehove til sylte. Med bålkosen frå grua som ramme, tenkjer eg på kva ord eg skal gje dykk på veg inn i 2019.

Det glade bodskap

Kvar dag jobbar #Framtidsfylket med å synleggjere karriere og fritid i Sogn og Fjordane. Gjennom våre kanalar formidlar vi det glade bodskap om eit solid og innovativt næringsliv, spennande jobbar og menneske som inspirerer oss. Målet er at dei gode historiene skal bygge felles identitet, samtidig som dei opnar auga for potensielle tilflyttarar.

I tradisjonens tru: karrieremesser

På nyåret i 2019 arrangerer vi karrieremesser for 14. gang i Oslo, Bergen og Trondheim. Kall det gjerne ein tradisjon! Vi ser ingen grunn til å halde hemmeleg kva Sogn og Fjordane har å by på, og tek difor med oss næringslivet, kommunane og andre verksemder på messe for å møte folk som er nysgjerrige på fylket vårt.

Dei beste kandidatane

Eit personleg møte med potensielle arbeidstakarar er kanskje den beste måten å sikre seg dei beste kandidatane. Det kan vere lurt å tinge ein stand så snart som råd er, for då kan vi enklare marknadsføre messene mot din bransje og målgruppe. I kombinasjon med eit fengande seminar, musikkinnslag og god mat, lovar vi deg eit hyggeleg møte med nyutdanna og andre jobbsøkarar. Påmelding finn du her.

Årets messeprogram

På scena i år møter du:

  • Trine Lerum Hjellhaug – ekspert på lagbygging og saftkoking
  • Sindre Kvalheim – mannen bak LocalHost og Lefdal Mine
  • Pål Anders Kårstad – eigedomsmeklaren som utfordra eigen bransje med å gründe Webmegling
  • Marthe Holien Bø – Forfattaren og livsstilsbloggaren som aldri skulle flytte til Sogn og Fjordane.
  • Lise Solheim – Melin medical. Korleis er det å vere trainee i Sogn og Fjordane?
  • SJUR – DJ frå Sandane med over 100 millionar strøymingar på Spotify!

Enorm interesse for traineeprogrammet

Heile 32 traineestillingar for 2019/2020 er no utlyst! Det tek vi som eit godt teikn på at traineeprogrammet er eit vellukka tiltak for rekruttering. Vi er i grenseland for kor mange trainear vi kan ta inn, men om bedrifta di har eit sterkt ønske om å komme med i ordninga, ber vi deg ta kontakt så fort som mogeleg. Kampanjen er no spreidd i heile landet, og messene blir viktige rekrutteringskanalar for traineebedriftene.

Vi ser framover

2019 er året vi må bu oss på endring, og spørsmåla er mange:

  • Vil Framtidsfylket klare å omstille seg til å bli del av eit større fylke i 2020?
  • Er det utfordrande å skaffe kompetent arbeidskraft i heile Vestland, eller berre i nokre regionar?
  • Kva arbeidsmarknad og strukturar møter oss i det nye fylket?
  • Er Bergen ein trussel eller ein moglegheit?

Med ein sterk identitet, er vi uansett sikre på at Framtidsfylket skal klare å få noko positivt og verdifullt ut av samanslåinga. Men først: jul!

Med ønske om ei riktig god juletid frå meg til deg. Så snakkast vi i 2019!

Linda Hovland.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.