Karriereprat: – Ta sjansen og flytt sjølv om ikkje alt det praktiske er på plass!

Skriven 21.10.2014 under Karriereprat

Etter nokre år i tenkjeboksen var avgjerda klar: Sivilingeniørane Jann og Synnøve var klare til å ta turen frå Oslo og over fjella til Gloppen. Dei perfekte jobbane var ikkje heilt i boks, men alt ordnar seg om ein tek tida til hjelp.

FAKTA:

Jann Vestby

33 år gamal

Sivilingeniør, Master i kjemi

Borevæskeingeniør Offshore, MI Swaco

I friperiodar og fritid: Fjordane Gardspresseri og Gardsbrenneriet AS

 

Synnøve Vik Bergstad

32 år gamal

Sivilingeniør, Master i kjemi

Prosjektkoordinator, Strukturplast AS på Sandane.Driv på fritida Fjordane Gardspresseri frå garden på Sandane i Gloppen.

 

Fjordane Gardspresseri/Gardsbrenneriet

Pressing av eple blant anna frå eigen hage

Lagar eplemost og andre produkt av frukt og bær

Sel i gardsutsal, butikk og på Bondens marknad.

Utviklingsprosjekt med  foredling av eplemost til sider, brennevin og andre alkoholholdige produkt i eige brenneri på garden.

 

Å seie opp trygge og godt betalte jobbar for å flytte «ut i periferien» kan kjennast skummelt. Spesielt når ein hoppar i det og bestemmer seg for å busetje seg på ein familiegard med uviss framtid reint innteningsmessig.

– Om du hadde spurt meg for ti år sidan hadde det aldri i verda vore noko tema å flytte heim til garden att. For med vår utdanning og bakgrunn skal det ikkje underkjennast at valmulegheitene er større i dei store byane. Men vi tok sjansen og har ikkje angra på det, seier kjemikar Synnøve Vik Bergstad.

I 2009 flytta Bergstad og sambuar Jann Vestby, også han sivilingeniør i kjemi, heim til familiegarden Jørnbruket, ein fruktgard på nordsida av Gloppefjorden.

Kjemiutdanning + gardsdrift = ei utfordring?

Utviklinga i landbruket, med det mange meiner er stadig dårlegare rammevilkår for inntening og lønsemd, krev nye og kreative innfallsvinklar på korleis gardane skal driftast best mogleg. Med kjemiutdanninga i botn var det nettopp tankeprosessar kring utnyttinga av ressursane på garden, frukt og bær, som låg og surra i bakhovudet på sambuarparet medan dei budde og jobba i hovudstaden.

– Vi tenkte tidleg på kombinasjonen frukt, bær og drikkevarer. Så då vi i 2008 fekk høve til å delta på ein studietur til Hardanger i regi av Agro Business Park på Sandane, slo vi til på dette, seier Vik Bergstad.

På studieturen fekk dei sjå korleis haringane utnytter frukt- og bærressursane til bruk i produksjon av ulike typar drikkevarer, og dette gav sambuarparet mykje å tenkje på. Tankeprosessane kring flytting til Gloppen skaut dermed fart.

Men gardsdrift gir som nemnt i ikkje dei store inntektene, så jobb måtte dei ha – og då helst innan faget sitt: Kjemi.

Fleksibel arbeidsgjevar

Jann var heldig og kunne ta med seg jobben sin i eit farmasifirma over til Gloppen. Med kontorplass i Sandane Næringshage vart dette ei god løysing.

– Dette opplevde eg som udelt positivt. Eg kunne halde fram i jobben og samstundes knyte nye bekjentskap via fellesskapen i næringshagen. Når ein flyttar til nye stader er det veldig viktig å sosialisere seg frå dag èin. Slike kontorfelleskap er gull verdt, seier Jann Vestby.

For Synnøve vart det også klaff jobbmessig, med ledig jobb i næringsmiddel-laboratoriet SunnLab i Førde.

– Fagleg sett var dette å rekne som ein god jobb. Eg fekk røysnle som leiar og hadde det flott slik sett. Men med lang reiseveg enda eg opp som vekependlar på hybel i Førde, medan Jann sat heime med svigers, seier Synnøve med glimt i auga.

Ikkje akkurat ein ønskesituasjon, så då draumejobben som prosjektkoordinator i Strukturplast AS på Sandane dukka opp slo ho til. I Struktuplast jobbar ho med kjemi relatert til plastmaterialet polyuretan, HMS og prosjektarbeid inn mot subsea og maritim industri. Samstundes fekk ho no også betre tid til utviklinga av Fjordane Gardspresseri og drifta på garden.

– Eg må skunde meg å legge til at foreldra mine er friske og raske, og har vore til stor hjelp i hektiske periodar på garden slik som midt i innhaustings- og pressesesongen.

Frukt…pressing….drikke….destillering…

Via kontaktar i fruktmiljøet i Nordfjord fekk Jann etter kvart jobb som i nordsjøen som borevæskeingeniør i MI Swaco, med turnus to veker på og fire veker av. Dette opnar for ei sterkare satsing på gardsdrifta, med nyplanting og investeringar i konseptutvikling og utstyr for produksjon av eplemost og etter kvart også sider og brennevin av frukt og bær frå Gloppen.

– Det er brennevinsproduksjon vi ser som det mest interessante for oss reint fagleg. Destillering er reinbarka kjemi, og såleis perfekt for oss. Men den alkoholfrie eplemosten er ei volumvare som gir betre inntening dersom ein treff blink med kvaliteten, så vi satsar også stort på dette, seier Synnøve, som melder om gode resultat med prøveproduksjonane så langt.Framtida ser dermed lys ut for sambuarparet på Hauge i Gloppen. Med gode hjelparar i næringsapparatet i kommunen og fylket (t.d Innovasjon Norge) håpar dei at satsinga på garden med tida kan gje i alle fall eitt årsverk.

– Fjordane gardspresseri går så det susar, og vi er komne godt i gang med Gardsbrenneriet. Og med gode jobbar i botn også, så ser vi svært lyst på framtida her i Gloppen. Kommunen og det lokale frukt- og bærmiljøet har vore gode tilretteleggarar, fritidstilboda er mange, kulturtilbodet er stort og vi har ein fantastisk natur rundt oss, seier Synnøve Vik Bergstad.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.