Sunnfjord i toppsjiktet i norsk næringslivsutvikling

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter

Sunnfjordregionen har det mest lønsame næringslivet i landet. I ein ny rapport kjem Sunnfjord ut som nummer fire av i alt 83 regionar, skriv Firda.

Rangeringa er gjort av Telemarksforsking i samband med NHOs NæringsNM, der næringslivsutviklinga i fylke, regionar og kommunar har vorte målt ut frå lønsemd, nyetableringar og næringslivsstorleik.

Stavangerregionen ligg på topp, fulgt av Trondheimsregionen og Ålesundsregionen. Bergensregionen ligg på femteplass etter Sunnfjord.

Dårlegast ut kjem regionane i indre strøk på Austlandet og i Nord-Norge

Sett under eitt dei siste ti åra har Sunnfjord tredje beste lønsemd i landet og skårar også bra på vekst, melder Firda.

Les meir om saka på FirdaEi ny rapport viser at Sunnfjord er i næringslivs- toppen i landet. Innovasjon Norge er ein viktig  bidragsyter i utviklingsarbeid, her representert-ved Hjørdis Vik, under Framtidsfylket karriere- messe i Bergen 2013. Foto: Thomas Borgen Ha

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.