Påmelding karrieremesse
Stinesparebank 768x512

Stine Austreim Olsen

Skriven 25.09.2017 under Trainee

Utdanning

Eg har ein bachelorgrad i økonomi og ledelse, samt ein mastergrad i energi ledelse/siviløkonom frå Handelshøgskulen i Bodø, med eit utvekslingssemester i Moskva.

Traineestilling

Eg er trainee ved Sparebanken Sogn og Fjordane i Førde. Hovudsakleg er eg tilsett på kundesenteret, men skal også vere innom privatmarknaden og forretningsutvikling. På privatmarknaden skal eg følgje ein autorsiert kunderådgjevar slik at eg får eit innblikk i kvardagen og arbeidsoppgåvene deira. Eg skal også vere med på prosjekt på å vidareutvikle kundesenteret, samt andre prosjekt gjennom hospitering på forretningsutvikling.

Difor søkte eg traineestillinga

Eg søkte på denne traineestillinga fordi det verka som ei spennande og lærerik stilling, samt at den passa mine interesseområder innanfor sal, markedsføring og forretningsutvikling. Gjennom mitt år som trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane vil eg få ei djupare forståing over kva arbeidsoppgåver ein bank faktisk har, og få være med på spennande prosjekt som å vidareutvikle kundesenteret.

Traineeprogrammet i Framtidsfylket legg også til rette for at vi som er trainee vil får eit betre innblikk i næringslivet i Sogn og Fjordane gjennom samlingar. Samtidig er det også ein flott arena for erfaringsutveksling mellom oss, noko som er veldig nyttig då vi alle er nyutdanna. Eg ser fram til eit spennande og lærerikt år, både i Sparebanken Sogn og Fjordane, men også gjennom traineesamlinger.