Påmelding karrieremesse
Trainee2017gaularfjellet0632 768x512

Sondre Austreim

Skriven 21.09.2017 under Trainee

Utdanning

Bachelor i fornybar energi ved HiSF i Sogndal, og bachelor ingeniør elektro – energi, elkraft og miljø ved HVL i Førde.

Traineestilling

Eg er trainee på maritim teknisk avdeling i Fjord1. Her skal eg arbeide med ladesystem, batteriløysingar og nettilknytting for ferje med nullutsleppsteknologi, og generelt anbodsarbeid.

Difor søkte eg traineestillinga

Eg søkte på stillinga på grunn av moglegheitene som ligg i eit framtidsretta ferjerederi. Fjord1 har vorte leiande på miljøteknologi i den maritime transportsektoren, og satsar tungt mot det grøne skiftet. Stillinga gjev meg moglegheit til å nytte min tekniske utdanning, og legg opp til fagleg utvikling der eg jobbar med det siste av teknologiske løysingar for nullutsleppsteknologi.
Traineestillinga gjev også moglegheit til å knytte nettverk med andre traineear, og lære meir om andre næringar i Sogn og Fjordane. Det leggjast opp til fagleg og personleg utvikling gjennom traineesamlingar ulike stadar i fylket.