Søkjer webutviklar – tilbyr flytting, bustad og jobb til kjærasten

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter

Mediebruket lokkar med meir enn «Løn etter avtale».

Dagleg leiar Arild Nybø i Mediebruket har tru på å tilby arbeidstakarane ordningar som gjer kvardagen litt enklare. – Dette er gunstig, også sett frå arbeidsgjevar si side. Når vi bidrar til å fjerne praktiske hindringar, så vert det lettare for dei tilsette å fokusere på arbeidet, seier han. I bakgrunnen prosjektleiar og innhaldsutviklar Guro Bryn Høgheim og webutviklar Håvard Grimelid.

Mediebruket i Førde lokkar med jobb til den rette kandidaten og å hjelpe med å skaffe jobb til kjærasten når dei no har lyst ut ei stilling som webutviklar. I tillegg vil dei i følgje dagleg leiar Arild Nybø bidra til å skaffe bustad ­– og dekkjer i tillegg flyttekostnaden for den som kan starte før hausten.

– Det er ikkje til å leggje skjul på at det å flytte er ei krevjande oppgåve for nokon kvar. Og enklare blir det ikkje om ein har rigga seg til med familie. Viss vi som arbeidsgjevar kan hjelpe til med å fjerne praktiske hindringar, så vonar vi at det er det som skal til for at ein flink webutviklar får realisert draumen om å flytte til hjartet av Vestlandet, seier Nybø.

Mediebruket har frå før fem tilsette, og tre av dei er utviklarar. Selskapet tek på seg store og små webutviklingsoppdrag over heile landet, og har hatt ein jamn vekst i oppdragsmengd siste åra.

  • Sjå utlysinga her: Webutviklar i Mediebruket

– Kva kan de tilby?– Tre av dei tyngste oppgåvene i samband med flytting er å skaffe jobb til seg sjølv og sin kjære, ein stad å bu og å få transportert sjølve flyttelasset. Alt det ønskjer vi å hjelpe til med viss vi i byte kan få ein dyktig webutviklar som ikkje brukar alt for lang tid før ho eller han er på plass i Mediebruket.

– Er det ikkje vel ambisiøst å love å skaffe jobb til kjærasten?– Vi lovar ingenting, men vi seier vi skal prøve så godt vi kan. Sist vi gjorde tilsvarande gjekk det strålande. Det er ikkje sikkert at det blir drøymejobben på første forsøk, men med litt is i magen og ein mellombels jobb som gjev inntekt, så skal det meste vere råd å få til. Nett no er det meir enn femti utlyste ledige stillingar i Førde og dei næraste nabokommunane. I tillegg kjem alle jobbane som ikkje er lyst ut, men som vi kjenner til gjennom kundane våre og dei andre lokale nettverka.

– Vil de ikkje ha søkjarar frå Førde?– Jo, sjølvsagt, det hadde vore det greiaste for alle partar. Men vi må nok innsjå at det ikkje renn over av webutviklarar i Førde og nabokommunane, seier Nybø, som likevel ikkje vil gå så langt som å seie at bedrifta slit med rekrutteringa.– Dei kvalifiserte som alt er her i distriktet konkurrerer vi om med store IT-bedrifter som Enoro i Fjaler. Vi får likevel bra med søknader, og til no har talet kome opp i 16. Men jobbutlysinga er eigentleg berre ei forlenging av filosofien vi har på arbeidsplassen elles: Dess meir praktiske hindringar vi kan rydde av vegen i arbeidskvardagen, dess enklare blir det for dei tilsette å gjere jobben sin.

– Kva då, til dømes?– Det viktigaste er at dei tilsette i stor grad kan sjølve velje kor tid dei vil starte på jobb, og om dei vil jobbe heime, på hytta eller på kontoret. Dessutan dekkjer vi lunsjen, og får den levert på døra av det lokale bakeriet.

– Kven er den rette kandidaten?– Ein rågod webutviklar, eller som er på god veg til å bli det. Det viktigaste er at den som er interessert tek kontakt med oss, seier Nybø.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.