Sognenett søker flinkis

Skriven 24.07.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

– Hjå oss finn du skibomsar, stisyklarar, fotballspelarar, familiefedre og -mødre, golfspelarar, quizmeistarar, bokormar, bygutar, bygdejenter og mange glade folk. Du kjem nok til å få deg ein vèn eller to!

Sognenett sparar ikkje på kruttet når dei no søkjer etter sin nye kundekonsulent. Stillingsannonsa er rett og slett til å bli glad av.

– Når me no søkjer etter ein ny medarbeidar er vår første prioritet å få kommunisert ut kven me er. Det er tross alt denne gjengen ein kjem til å vere ganske so mykje med framover, seier Sebastian Øyrehagen, som er marknadsleiar i Sognenett.

Meir fart, meir moro

«Med 18 flinkisar i verksemda, nokon frå Sogn, andre utanfor, er me no på jakt etter entusiasme og glød som skal gje oss, og kundane, endå meir fart i tida framover! Så, om du kjenner deg att i mantraet «Meir fart, Meir moro!» håpar me at du vil bli betre kjend med oss».

Eg har ofte sett på stillingsutlysingar og tenkt «Dette gav meg ikkje så veldig mykje innsikt i kven bedrifta er». Mange utlysingar ramsar berre opp kva dei forventar av søkjarane, og kva jobben går utpå. Difor har vi vald å gå andre vegen; Kva er det vi, som er størst på fiber i Sogn, kan tilby ein nytilsett? Kva skil oss ifrå andre arbeidsgjevarar?

Luksuslunsj: Nystekte sveler i sola er aldri feil. Sebastian Øyrehagen står for steikinga. Foto: Sognenett

Ville vise identitet og lynne

Gjennom språket, skildringane og den artige tonen får ein eit lite innblikk i arbeidskulturen og korleis dei faktisk har det på jobb.

Me er ein gjeng som jobbar knallhardt for kvarandre, kvar dag. Men me er òg ein gjeng som har det kjekt i lag. Det er viktig for oss at den neste personen inn, passar godt i gjengen.

Noregsmeistrar på humør

«Arbeidsmiljøet er inkluderande, og du er garantert å få minst éi latterkule for dagen. Sognenett kan aldri verte betre enn menneska som jobbar her. Difor er me opptekne av personleg utvikling – på alle plan. Sognenett er konkurransedyktige på løn, og me er sjølvutnemnte noregsmeistarar på humør».

– Det er viktig å påpeika at me er sjølvutnemnte noregsmeistarar på humør. Akkurat som musikk, er humør og humor høgst subjektivt. Men eg vel å påstå at alle i Sognenett kan kome og dra ifrå jobb med ei god kjensle av meistring, samhald og glede.

Kundedag: Sognenett inviterte kundar til skidag i bakken. Foto: Sognenett

Sognenett inviterte kundar til skidag i bakken. Foto: Sognenett

På jakt etter den rette

Marknadsleiaren er klar over at stillingsannonsa skil seg ut frå mengda, men dei har likevel ikkje eit mål om å få flest mogleg til å søkje på stillinga.

Då vi skreiv utlysinga var det faktisk den andre vegen vi ynskte å gå. Her håpar vi å knytte til oss dei mest relevante søkjarane, som har lese utlysinga og sit med ei kriblande kjensle i magen og tenkjer «dette hadde passa meg midt i blinken».

Kos deg med heile stillingsutlysninga her! Og er du ein flinkis som likar å ha det kjekt på jobb må du søke innan 2. august.

Les karriereprat med Sebastian Øyrehagen; Bygutten som fekk seg heimbygd

 

Sosial sone: Her kan ein samlast for å idèmyldre eller spele minigolf. Her ser du Madeleine Larsen Barmen og Sebastian Øyrehagen . Foto: Sognenett

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.