– Sogn og Fjordane må tilpasse seg nye arbeidsmodellar

Skriven 28.01.2019 under Nyheiter

Vel 200 personar besøkte Framtidsfylket og Sparebanken Sogn og Fjordane sin felles karriere- og familiedag i Oslo laurdag. Børge Dvergsdal (33) og familien vurderer å flytte til Sogn og Fjordane, men saknar fleire tilbod.

Teknisk museum var laurdag fylt av bedrifter frå Sogn og Fjordane som ville rekruttere jobbsøkarar og tilflyttarar. Børge Dvergsdal er opphavleg frå Førde, men har budd i Oslo i ti år og har fast jobb i ei teknologibedrift der.

– Eg likar å oppdatere meg på kva som skjer i heimfylket, og besøker alltid messene når dei er i Oslo. Når Sparebanken Sogn og Fjordane i tillegg arrangerer familiedag, var dette topp opplegg for meg og familien.

Han brukte tida godt til å snakke med bedrifter på stands. Mest opptatt var han av alle teknologibedriftene som hadde tatt turen til Oslo.

– Fylket utmerkar seg på teknologi og innovasjon. IT-miljøa som har vekse fram i både Måløy, Sogndal og Førde gjer det meir attraktivt å jobbe i Sogn og Fjordane.

Fleire jobbar «remote»

Ein arbeidsmodell som blir meir og meir vanleg, er å jobbe «remote». Dvergsdal meiner at det kan vere nøkkelen til at fleire buset seg i Sogn og Fjordane.

– Å jobbe «remote» betyr at du kan vere tilsett i eit selskap, men ha arbeidsplassen din nesten kor som helst. Hovudkontoret kan vere i Oslo eller New York, men pulten din kan stå i Måløy. Det daglege samspelet med kollegaene skjer via digitale verktøy.

Han ønsker sjølv å fortsette i det Oslo-baserte selskapet han jobbar i, og meiner Sogn og Fjordane kan bli betre på å legge til rette for at han kan ha arbeidsstad i Førde og arbeidsgjevar i Oslo.

– Eg saknar fleire kontorfellesskap med opne arbeidsplassar. Mange kunne tenke seg livsstilen og fritida fylket byr på, men vil gjerne ta med seg jobben. Billegare flybillettar til Oslo og andre storbyar og hovudkontor eg også viktig for å legge til rette for remote arbeidsplassar.

Større tilbod i Oslo

Han og sambuaren, Karoline Jokobsen Vågsholm (30) frå Fosnavåg, har lenge diskutert om dei skal flytte til Førde.

– Det er ho som er mest ivrig. Eg held litt tilbake. Det gode helgetilbodet som er i Oslo, fleire kulturarrangement, barneaktivitetar og kule kafear, er eg ikkje klar for å gje slepp på.

Samtidig er det fleire faktorar som lokkar heime.

– Besteforeldra heime veg svært tungt. Dei, naturen, venner og eit enklare liv. Eg brukar 50 minutt kvar veg til jobb, og i tillegg kjem henting og levering i barnehagen. Når eldstejenta skal begynne på skulen, må vi ta eit vegval. Oslo eller Førde.

Delta på karrieremesse i Trondheim 31. januar

Delta på karrieremesse i Bergen 13. februar

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.