UWC Røde Kors Nordisk

Nyheiter

10 ledige stillingar i mai

Blant månadens utvalde jobbar finn du alt i frå museumspedagog hos MISF til Chief operating officer hos UWC. Sjekk den lista.

Vi du bidra til utdanning for fred og berekraft for elevar frå over 90 land?

UWC RCN er ein skule som er ein del av eit globalt utdanningmiljø. Vi trur på å foreine menneske, nasjonar og kulturar for fred og ei berekraftig framtid.

No har UWC Røde Kors Nordisk to spennande leiarstillingar.

Chief operating officer

Operational Service Manager

Har du hjarte for Astrup og Jølster?

No har du sjansen til å bli museumspedagog på Astruptunet og Eikaasgalleriet. Musea i Sogn og Fjordane søker deg som vil vere med på å forme formidlingstilbodet til ein av regionen sine mest kjende kunstnarheimar.

Sjekk ut stillinga

Proresult

Bidra til ein tryggare bygg- og anleggsbransje

Proresult utviklar programvareløysningar for bygg- og anleggsbransjen i Norge. Programvara skal bidra til ei enklare og smartere arbeidsdag for kundane. No ser dei etter to nye kollegaer:

Rådgiver HMS og kvalitetsstyring

Kundekonsulent

Sygnir har fleire ledige jobbar

Er du energimontør, elektrikar, driftsingeniør eller prosjektleiar? Då kan det vere deg Sygnir ser etter.

Sygnir er ein spennande arbeidsplass som er viktig for det grøne skiftet, samtidig som den er ein viktig regional drivkraft i Sogn. No har dei fleire ledige stillingar!

Sjekk ut alle moglegheitene hos Sygnir

Er du Ullensvang kommune sin nye verksemdsleiar for Bygg og eigedom?

Ullensvang kommune tilbyr spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. No er dei i prosess med å slå saman verksemdene byggdrift og eigedom til ei verksemd, og ser etter deg som vil bli med på den utviklinga!

Sjekk ut stillinga og søk


Wescon Yard Florø

Westcon søker prosjektleiar

Westcon Yard Florø har som underleverandør til Kongsberg inngått ei langsiktig strategisk rammeavtale for oppgradering og vedlikehald av Nansen-klasse fregatter. No søker dei ein prosjektleiar som kan være med i eit leiarteam for å følge opp- og leie arbeidet på fregattane.

Les meir om stillinga

Vitskapleg assistent ved HVL

Jobb som vitenskapleg assistent ved ein av dei største høgskulane i landet. Stillinga er knytt til arbeidet med utvikling, drift og evaluering av FALtastisk- basen; Ein database primært for lærarar og andre tilsette i grunnskulen innan fysisk aktiv læring.

Ver med å vidareutvikle og evaluere FALtastisk!

Sjå stillinga


Mange moglegheiter innan helse og omsorg i Gloppen kommune

Norges nest beste kommune å bu i. Norges beste kulturkommune. Norges beste kjøkken, og lista fortset. Gloppen kommune kan vise til ei imponerande «premiesamling» i ein kommune der det bur om lag 5 800 innbyggarar.

Har du utdanning innan helse og omsorg bør du sjekke ut denne lista over ledige stillingar i Gloppen kommune

Sjekk ut moglegheitene her

PWC ledige stillingar

Nyutdanna og nysgjerrig på revisjon?

Sjå for deg ein kvardag der velkjente, smilande ansikt møter deg ved døra. Gode kollegaer som tryggjer deg og støttar deg godt. Ved sida av deg sit dyktige fagekspertar som har nye perspektiv når du står fast i ein utfordring, eller som inspirerer til ein heilt ny idé til prosjektet ditt. Er dette ein jobbkvardag du kunne tenke deg?

PwC Sogn & Fjordane søker nyutdanna med oppstart hausten 2024