Samfunnsansvar i ryggmargen

Skriven 19.12.2014 under Nyheiter

9.september 2012 datt ein mann frå himmelen ned i Londons gater. Ei lita gründerbedrifta frå Sandane fekk han heim igjen til sine kjære. For Melin Medical er ikkje samfunnsansvar berre eit fint ord i årsrapporten. Det er sjølve limet som bind bedrifta saman.

9. september 2012 dett ein mann frå himmelen i Portman Avenue i Mortlake i London. Han er død. Ingen veit kven han er, eller kvar han kjem frå. Han er tynnkledd, har vatt i øyra, og ansiktet er uigjenkjenneleg. Det einaste politiet har å jobbe med, er eit sim-kort dei finn i lomma hans, og nokre myntar frå Angola og Botswana.

Etter fleire månaders etterforsking, gjev sim-kortet resultat. Det viser seg at mannen heiter Jose Matada, kjem frå Mozambique, og fylte 27 år den 8.september. På sin eigen bursdag bestemmer han seg for å gøyme seg i lasterommet på eit British Airways-fly og bli med dei 6600 km frå Angola til England i søken etter eit betre liv. Idet landingshjula vert tekne ned, dett han ut. Nokre månader seinare vert Jose Matada gravlagt i ei umerka grav på plot 86 på Twickenham gravlund i London. Seks personar deltek i gravferda – ingen av dei kjende han.Å vere forskjellenHalvanna år seinare klarar politiet å spore opp familien hans i Mozambique. Mora Eugenia Ndazwedjua ynskjer å få sonen tilbake til landsbyen og gravleggje han ved sida av sine to sysken. Ho ynskjer ei grav å gå til. Det vil koste ho 115 000 kroner. Pengar ho ikkje har.

På Sandane sit Jesper Melin Ganc-Petersen – gründeren bak verksemda Melin Medical – og følgjer nyheitsstraumen om Matada. Dette vil han gjere noko med. Det er derimot ikkje nok å berre betale. Sjansen for at pengane ville forsvinne på vegen, er for stor.

– Det er for mykje korrupsjon. For å unngå at noko slikt skulle skje, engasjerte vi ein masterstudent vi hadde arbeidd med tidlegare, Lill Midthjell, til å bu i London og følgje saka i tre månader. Hennar jobb var å ivareta kommunikasjonen mellom ambassaden, flyselskapet og andre involverte, og sikre at alt gjekk riktig for seg, fortel Ingvill Hestenes, dagleg leiar i Melin Medical.     Intern stoltheitMelin Medical er bedrifta bak betalingsterminalane som dei siste åra har erobra legekontor og sjukehus over heile landet. Dagleg vert det montert to nye terminalar i Norge, og verksemda si omsetning har vakse frå 1 til 70 millionar kroner dei siste tre åra. Hovudkontoret med ti tilsette ligg på Sandane, medan ytterlegare 40 tilsette jobbar i Oslo.

– For oss handlar samfunnsansvar om identiteten til bedrifta. Vi ynskjer å gjere ein forskjell, og at våre tilsette skal vere stolte over å jobbe for akkurat oss, fortel dagleg leiar Ingvild Hestenes.

Historia om Jose Matada har til no vore dei tilsette si historie. Den siste mediesaka som er skreve om han, er familien si bøn om å få han heim. Få andre veit at han er komen heim – takka vere ei lita gründerbedrift på Sandane.

– Vi har alltid vore eit selskap som jobbar i kulissene. For oss er det nok at vi og våre tilsette veit kva bedrifta står for. Medieeksponering kan ikkje vege opp for intern stoltheit, seier Hestenes.

Verksemda har ein eigen budsjettpost øyremerka ”lost cases,” og skal gå til menneske som ikkje har håp om å få hjelp andre stader. Hjelpa til Jose Matada er ikkje eit einskildtilfelle.

– Vi samarbeider med Terje Erlid, ein norsk lege som hentar heim skadde og sjuke nordmenn i utlandet, som ikkje har forsikring eller pengar til å komme seg heim. For ei stund sidan høyrte vi om ein mann som hadde ligge hjerneskadd i 11 månader på eit sjukehus i Thailand, og slik skal det ikkje vere. Alle er ikkje like heldig stilte med økonomi til å hente sine kjære heim. Då er vi så heldige at vi faktisk kan bidra. Som bedrift har vi også mogelegheit til å gjere dei nødvendige kvalitetssjekkane, og sikre at pengane kjem der dei skal.Samfunnsansvarleg produktutviklingSamfunnsansvaret har dei også tatt med seg i utviklinga av sine eigne produkt. I utforminga av neste generasjons betalingsterminalar har dei samarbeidd tett med Blindeforbundet.

– I første fase tok vi omsyn til rullestolbrukarar. I fase to har vi hatt eit spesifikt samarbeid med Blindeforbundet, som mellom anna har rettleia oss i fontval, fontstorleik og fargeval. Som deira kommunikasjonssjef sa: det er ingenting meir nedverdigande enn å alltid måtte spørje om hjelp. Vi ynskjer å minimere situasjonane der folk føler seg annleis. Vi kan ikkje gje dei synet tilbake, men vi kan vere med og byggje sjølvstende, seier Hestenes.

Samfunnsengasjementet gjeld også for deira nyaste dotterselskap, inkassoselskapet Melin Collectors. Med tre millionar brukarar, og 50 000 transaksjonar gjennom systemet dagleg, er det mange oppgåver å administrere.

– Inkasso på legetenester er eit område som må handterast varsamt. 80 prosent gjer opp for seg, men kva med dei siste 20? Skal vi risikere at folk ikkje søkjer hjelp, fordi dei har råd til å betale eigenandelen? Jesper sin styrke er at han sjølv er lege, og han veit kva problem pasientgruppene kan ha.  I vårt system har legane mogelegheit til å vurdere både helsetilstand og økonomien til pasienten, før ein går til slike skritt. Vi er også i ein tidleg fase i eit samarbeid med NAV, der vi ser etter løysingar som vil komme pasientane til gode.

Samlande mekanismarMelin Medical er ei av fire verksemder som skal vere med på Framtidsfylket Karrieremesser i Trondheim, Oslo og Bergen i 2015. Temaet for årets messer er nettopp samfunnsansvar, og konferansier Håkon Haugsbø vil intervjue føregangsverksemdene Melin Medical, Lerum, Gloppen Hotell og Safeclean om deira erfaringar med å implementere samfunnsnyttig arbeid i bedriftskulturen. Også med tanke på rekruttering. Forsking viser at verksemder som fokuserer på samfunnsansvar vinn kampen om å rekruttere dei beste arbeidstakarane. Å kunne identifisere seg med ideologien i verksemda er viktig for mange.

– Samfunnsansvar treng ikkje vere nedfelt i alle planar, men den bør prege naturen i bedrifta. Å ta dei grepa vi har gjort, gjer noko med dei tilsette. Etter kvart som organisasjonen vert større, har vi behov for mekanismar som held systemet saman. Når vi er lokalisert fleire stader, vert dei felles verdiane desto viktigare. Vi er på god veg. Vi har nesten ingen gjennomtrekk, og dei tilsette er våre beste ambassadørar. Når IT-avdelinga vel ny antivirus-leverandør ut frå leverandøren sine etiske retningslinjer, sit det i ryggmargen, seier Hestenes,

Ho får støtte av Lill Midthjell. Etter Jose Matada-saka begynte Midthjell som trainee i Melin Medical. Ho er sikker på at gründerverksemda sitt engasjement innan samfunnsansvar slår positivt ut når staben skal utvidast.

– Tenk å få jobbe i ei verksemd med ein slik kultur. Eit selskap som grip fatt i situasjonar ingen trur ein kan gjere noko med. Eg blir stolt over å vere ein del av det, og sit igjen med ei kjensle av at det ein gjer betyr noko, seier Midthjell.

For Jose Matada sin familie betydde det alt. I mai i år tok han si siste reise  – heim til sine kjære.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.