Regnskapsførar på leiting etter variasjon i arbeidskvardagen?

Skriven 20.09.2019 under Nyheiter

Accountor er på utkikk etter regnskapsførarar med arbeidsstad på Sandane, Førde, Nordfjordeid eller Måløy.

Stillingane som er lyst ut er eit rekrutteringssamarbeid mellom Accountor Eid AS, Accountor Gloppen AS og Accountor Førde AS (at annonsa står på eitt av selskapa, har med teknisk høve å gjere). Arbeidsstad for stillingane kan difor tilpassast til dei ulike lokasjonane i Nordfjord eller Sunnfjord, alt etter som det passar med søkarane sine behov.

Moglegheit til å utgjere ein skilnad

På kontora finn du hyggelege medarbeidarar på ein arbeidsplass i utvikling. Bransjen er i omstilling som følge av utviklinga innanfor moderne skybaserte teknologiverktøy for rekneskapsføring. Dei utlyste stillingane vil difor i stor grad få ansvar for å bidra inn i denne prosessen.

– Vil du ha ansvar og er klar for å ta det, skal du også få det, seier dagleg leiar i Accountor Eid AS, Hilde Langtangen, som koordinerar rekrutteringsarbeidet i lag med leiarane for kontora i Gloppen og Førde; Henriette Ansok Hatling og Eli Heimdal Ytrøy.

Ho legg til at det er viktig å gjere rom for at tilsette skal få vere med å forme og løfte bedrifta inn i framtida, då regnskapsbransjen er inne i ei spennande fase. Kurs, vidareutdanning og fokus på utvikling av medarbeidarar er viktig for Accountor.


Klossmajor: Kanskje kan du hjelpe Accountor-gjengen å stable klossane betre på neste samling? 🧐

Det handlar om menneske

På tvers av kontora har dei samarbeid både på sosiale- og faglege plan. Dette bidreg til å utvikle eit viktig nettverk.

Accountor-konsernet har over 70 kontor spredd over heile Norge. Med sterke verdiar som respekt, tillit, mot og fremtid i bunnen av sin bedriftsfilosofi, har Accountor eitt veldig viktig fokus: Medarbeidarane sine. Alt startar med dei, og at dei har det bra.

 

“Menneska våre er viktige for oss, bransjen vår handlar tross alt om menneske. Vi trur at ein god arbeidsplass skaper enda betre servicekvalitet, digitale tenester og råd.”

– Accountor.com

 

Teamwork: Alltid kjekt med praktiske utfordringar mellom slaga.

 

Kven er du?

Om du er initiativrik, opptatt av relasjonsbygging og er god til å samarbeide, kan det vere nettopp deg Accountor vil ha til å ta ta del i ei bransje i utvikling. Bli med på eit lag der du blir respektert for din funksjon og dine karrierevalg.

Er dette blink for deg? Sleng inn ein søknad HER!

Stang ut for deg? Ikkje noko problem. Ei rekke andre spennande stillingar ligg også ute i jobbportalen vår.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.