Ole 768x512

Ole Hovland Rosenlund

Skriven 25.09.2017 under Trainee

Utdanning

Eg er i dag utdanna sivilingeniør innan bygg og miljøteknikk med fordjuping i prosjektleiing. Utdanninga tok eg ved NTNU, med eit utvekslingsemester ved San Diego State University.

Traineestilling

Eg har vore så heldig å blitt prosjektleiartrainee hjå Åsen og Øvrelid AS. Eg er i hovudsak knytt til to pågåande prosjekt bedrifta har i Sogndal: bustadutbygginga ved Ulvahugen og bygginga av nytt helse og omsorgssenter for Sogndal kommune. Arbeidsdagen er variert, i hovudsak går det på koordinering av prosjektering og arbeidet på byggeplassen. Eg jobbar blant anna med framdriftsplanar, kvallitetssystem og HMS. Det vert og ein god del møteaktivitet og dialog med entreprenørar som me har kontraktar med. Det er mykje spennande som skjer og kjekt å sjå at arbeidet går framover og at bygga reiser seg. Eg får prøvd ut teorien eg har lært på skulen i praksis, og ikkje minst lærer eg mykje av kunnskapen og erfaringa arbeidarane i firmaet har.

Difor søkte eg traineestillinga

Eg vart anbefalt av ei venninne og søke på traineestilling hjå framtidsfylket. Etter å ha lest ei annonse om ledig stilling hos  Åsen og Øvrelid, vart dette fort eit førstevalg av jobb for meg. Her såg eg moglegeita til å få god erfaring frå ei solid produksjonsbedrift. Eg ynskjer no å kunne bidra med med mine eigenskapar og lærdom inn i bedrifta som er ein del av ein stadig utviklande byggebransje.