Ofte stilte spørsmål om å vere traineebedrift i Framtidsfylket

Skriven 02.11.2020 under Trainee

Mange bedrifter snusar på å tilsette ein trainee, men er ikkje heilt sikre på kva det inneber. Her får du svar på det viktigaste om Framtidsfylkets traineeprogram.

Kva er ein trainee?

I Framtidsfylket sitt traineeprogram er det ein fagutdanna kandidat på bachelor- eller masternivå med maks tre års arbeidserfaring. Kandidaten blir tilsett i bedrifta i eitt år, får godt innblikk i heile verksemda og deltar i eit felles opplegg med andre trainear i Framtidsfylket.

Kva er forskjellen på ein trainee og ein nytilsett?

Ein trainee er midlertidig tilsett i eitt år. I løpet av året får han oppfølging av både bedrifta og Framtidsfylket, og tar del i eit utviklingsprogram med traineesamlingar gjennom året.

Ordninga fokuserer sterkt på kompetansebygging gjennom tre fokusområde:  

  • Personleg utvikling
  • Kompetanseheving 
  • Skape relevante nettverk

Kven kan vere traineebedrift?

Traineebedriftene kan vere av ulik størrelse og frå ulike bransjar, men må ha arbeidsstad i Vestland. Både private og offentlege verksemder kan delta i programmet. For å sikre at traineen vert ein del av eit godt fagmiljø, er hovudregelen at verksemda skal ha minst 4 tilsette.

Kva krev det å vere traineebedrift?

Dette er eit fiks ferdig traineeprogram. Det betyr at du som traineebedrift slepp å lage eit skreddarsydd program for kandidaten, utanom stillingsbeskrivelsen. Traineebedrifta må likevel vere bevisst rolla den har og støtte traineen i læringsprosessen:

  • For å avklare forventningar hos både arbeidsgjevar og trainee, skal ein utviklingsplan for traineeperioden vere på plass.
  • Arbeidsgjevar stiller ein mentor til disposisjon. Mentor skal fungere som støttespelar og rettleiar for traineen, og delta på 1- 2 samlingar med andre mentorar i Framtidsfylket.
  • Bedrifta skal legge vekt på læring og utfordringar i traineeåret, men også stille krav.

Meir informasjon om å vere traineebedrift i Framtidsfylket finn du her.

Kor tid lyser vi ut traineestillingane?

Traineestillingane blir utlyste januar 2021 med søknadsfrist i mars. Alle stillingane blir publiserte samtidig og marknadsført av Framtidsfylket i ein landsomfattande kampanje.

Korleis fungerer tilsettinga?

Traineebedrifta får overlevert alle jobbsøknadane og kan sjølv velje kven dei tar inn til intervju og kven dei vil tilsette. Det er eit mål at alle intervju blir gjort i mars/april, slik at ein kan gje kandidaten eit jobbtilbod i april.

Kor tid er det oppstart?

Traineeåret startar i august. Nokre bedrifter ønsker å starte arbeidsforholdet tidlegare, men programmet har start tidleg haust.

Kva om eg ikkje finn ein kandidat i søknadsbunken?

Normalt får traineebedriftene mellom 15 – 100 søknadar, alt etter kor attraktiv stillinga eller bedrifta er. Likevel hender det at traineebedriftene ikkje finn ein eigna kandidat. Du har då moglegheit til å trekke deg, men betalar eit bidrag for å ha vore del av marknadskampanjen.

Kva er lønna til ein trainee?

Lønna blir fastsett etter dei satsane som er normalt i verksemda for ein nyutdanna.

Kva kostar det å vere med i programmet?

I tillegg til løn betaler du ein eigenandel for kvar trainee som bli tilsett. Det skal dekke felleskostnader for samlingane, samt kostandar i utviklingsprogrammet. Prisen varierer etter kor mange tilsette det er i bedrifta, så send oss gjerne ein førespurnad om pris.

Er det noko anna du lurer på? Kontakt oss, så svarar vi:

Linda Hovland – Dagleg leiar
Tlf: 990 17 852
E-post: linda@framtidsfylket.no

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.