Nytt magasin – #utanfilter

Skriven 19.01.2016 under Nyheiter

Framtidsfylket lanserer nytt magasinet - for å gje deg eit innblikk i kva som rører seg i Sogn og Fjordane.

 Magasinet vert lansert på karriermessa i Trondheim – både i digital og trykt versjon. Tanken bak magasinet er å fortelle ekte historier frå fylket.

– Vår oppgåve er å vise fram mulegheitene som finst i Sogn og Fjordane. Vi har litt for mange skjulte skattar som vi gjerne vil dele med fleire. For ein kan ikkje velje noko ein ikkje veit eksisterer, seier Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Den trykte versjon vil vere ei årleg utgåve, medan dei digitale forteljingane vil leve kontinuerleg året gjennom.

– Målet vårt er å bringe deg tettare på næringsliv, gründerar og menneske som har valt eit liv i Sogn og Fjordane. Å vise deg mulegheitene og utfordringane med eit slikt livsval, fortel Rukan.

Alle deltakarar på karrieremessene i Trondheim, Oslo og Bergen vil få sin eksklusive kopi av magasinet, og det vil vere ein eigen lesekrok på messa, der ein kan ta ein kikk både i det trykte og digitale magasinet.

– Vi håpar magasinet vil vise nye sider ved Sogn og Fjordane.  Vi gler oss til å vise det fram, seier Rukan.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.