Nytt leiarutviklingsprogram til Sogn og Fjordane

Skriven 27.06.2019 under Ukategorisert

Sogn og Fjordane er inne i ei tid med store omstillingsbehov og moglegheiter. No tilbyr vi eit skreddarsydd leiarutviklingsprogram.

Verksemder i privat og offentleg sektor står framfor store endringsutfordringar. Sentralt i dette står endring i teknologi, ny kunde- og forbrukaråtferd og nye forretningsmodellar. For at organisasjonen skal kunne tilpasse seg, er det viktig at leiarar fyller på med kompetanse for verdiskaping, vekst og å vere ein attraktiv arbeidsgjevar.

Bli ein leiar for framtida!

Framtidsfylket og Sogn og Fjordane Næringsråd inviterer til eit kompetansegjevande leiarutviklingsprogram som gjev deltakarane 30 studiepoeng på masternivå. Studiet gir deg relevant fagleg påfyll og eigenutvikling som leiar. 

Programmet blir levert av NHH Executive i samarbeid med AFF.

Klikk her for påmelding og meir informasjon om programmet 

Gjennomføring

Oppstart: 28. oktober 2019
8 samlingar over 16 månadar.

Frist for påmelding: 1. september 2019

I kompetanseprogrammet inngår

  • Åtte 3- dagars samlingar fordelt over 16 månadar
  • Obligatorisk litteratur
  • Canvas (digital læringsplattform)
  • Ei samling er lagt til København
  • Rettleiing av  innleveringsoppgåve
  • Grupperettleiing mellom samlingane
  • Eksamensgjennomføring og sensurering

Samlingsdatoar

  • 28.– 30 . oktober : Gloppen Hotel, Sandane
  • 2. – 4.  desember : Norges Handelshøyskole, Bergen
  • 10. – 12. februar 2020: Quality Sogndal Hotel, Sogndal
  • 30. mars – 1. april 2020: Fretheim Hotel, Flåm
  • 25. – 27. mai 2020: København
  • 19.– 21. august 2020: Scandic Sunnfjord Hotel, Førde
  • 5. – 7. oktober 2020: Alexandra hotel, Loen
  • 30.11 – 2. desember 2020: Gloppen Hotel, Sandane

Pris

For tilsette i offentlege organisasjonar: kr 135 000,-
For tilsette i private bedrifter: kr 90 000,-

Differansen kjem av at det finst ulike tilskot til kompetanseheving for offentlege tilsette som kvar enkelt kan søke på. Deltaking for tilsette i privat sektor er støtta av Sparebankstsiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Energi.

Deltakaravgifta dekker ikkje:

Vi tek atterhald om tilstrekkeleg tal deltakarar.

Har du spørsmål om kontrakt og pris, kontakt: Linda Hovland, Framtidsfylket. Mob 99 0178 52/E-post: linda@framtidsfylket.no
Har du spørsmål om det faglege programmet kontakt: Tore Hillestad, NHH
Har du spørsmål om opptak, kontakt: Lena Marie Vestli, HNN

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.