Nydl01 768x512

Ny dagleg leiar i Framtidsfylket

Skriven 03.01.2018 under Nyheiter

Linda Hovland er tilsett som ny dagleg leiar i Framtidsfylket.

– Å få mulegheiten til å jobbe for heile fylket og marknadsføre det spennande næringslivet vi har i Sogn og Fjordane, er eit ærefullt oppdrag, seier den påtroppande leiaren.

Hovland er frå Dale i Sunnfjord og har dei seinare åra jobba i HAFS Utvikling og Fjaler Næringsutvikling. Før det var ho i Selja Forlag og har også erfaring som dagleg leiar i to bokbutikkar i Dale og Bergen. I tillegg er ho sterkt engasjert i lokalsamfunnet, mellom anna i idrettslaget og med eigen revy.

Styreleiar i Framtidsfylket, Leon Bakkebø, er svært nøgd med valet styret har gjort.

– Linda har eit breitt nettverk og kjenner godt til næringsliv, næringsstrukturar, utviklingsarbeid og organisasjonar i Sogn og Fjordane. Ho har god erfaring med forretningsutvikling i ulike bransjar, noko som vil vere ei nyttig erfaring å ta med seg til jobben i Framtidsfylket, seier Bakkebø.

Ho tek over jobben etter Gro Rukan, som har sitte i stillinga sidan januar 2013.

– Linda er engasjert, energisk og uredd for utfordringar. Og ikkje minst, ho har ambisjonar og visjonar for Framtidsfylket AS. Vi er sikre på at Linda vil vidareføre det gode arbeidet som er blitt gjort i selskapet til no, og at ho vil løfte selskapet vidare, seier Bakkebø.

Hovland vil starte i jobben 1. februar.

– Eg er svært audmjuk for alt ein har fått til i Framtidsfylket, og eg gledar meg til å vere med å utvikle det vidare. Eg ser så mange mulegheiter. Digitaliseringa vil slå inn over fylket som overalt elles, det vil komme endringar i korleis ein rekrutterer, så det vil krevje at vi heng med i svingane. I tillegg står eit nytt vestlandsfylke på trappene, og det vil opne for mange mulegheiter for eit selskap som Framtidsfylket. Det er utan tvil eit oppdrag eg ser fram til, seier Hovland.