No blir vi større!

Skriven 28.10.2019 under Nyheiter, Trainee, Ukategorisert

Frå neste år kan nyutdanna på bachelor- og masternivå få ein smakebit av arbeidslivet i Sogn og Fjordane, Voss og Indre Hordaland.

Framtidsfylket trainee og Trainee Indre Hordaland inngår samarbeid om felles traineeprogram for neste års kull. 

– Dette er svært spennande, og vi gler oss over å kunne tilby eit endå større traineeprogram, både til bedriftene og til dei unge lovande som søkjer på desse stillingane, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland.

Allereie i haust startar eit pilotprosjekt, med intensjon om å inngå varig samarbeid mellom partane. Både Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune er med som gode støttespelarar. I sør er også Sparebanken Vest og Hardangerådet inne med støtte til piloten.

Bygger vidare på suksessoppskrift

– Indre Hordaland og Sogn og Fjordane har mange av de same utfordringane, både når det gjeld geografisk avstand, små tettstader og næringsstruktur. Det gir grunn til å tru at ein kan ha nytte av felles strategiar og mål, seier styreleiar i Trainee Indre Hordaland, Gunn Mæland Dagestad.

Hovland seier at tilbakemeldingane frå næringslivet i Sogn og Fjordane har vore gode, og at bedriftene ser verdien i å knyte til seg talent gjennom traineeordninga.

– Positive tilbakemeldingar og suksesshistorier tyder på at vi har gjort mykje riktig dei siste åra. Eit samarbeid gir oss fleire å sparre med, og vi har trua på at dette vil bidra til ei forbetra utgåve av traineeordninga, både for traineane og for bedriftene som er med.

Ho legg til at dei unge som no går ut i arbeidslivet er dei som i framtida skal skape, bygge og bu i det nye fylket.

– Vi trur at vi gjennom traineeprogrammet kan bidra til å styrke innovasjonskrafta i fylket. For traineane er fordelen at dei får ein fantastisk start på karrieren med god introduksjon i bedrifta. Samtidig får dei eit stort fagleg og sosialt nettverk i heile fylket med andre i same livfase, seier Hovland.

Størst i landet

Sidan oppstarten i 2004 kan Framtidsfylket skilte med at heile 230 trainear har gjennomført programmet, og at 80 prosent blir verande i fylket etter traineeåret er omme.

Nandor Helgheim, som er styreleiar i Framtidsfylket, seier at å starte med det som har vore ei suksesshistorie om rekruttering til Sogn og Fjordane, og utvikle det saman med liknande miljø i Hordaland er eit godt utgangspunkt.

– Framtidsfylket trainee er den største regionale traineeordninga i landet. Årleg hentar programmet mellom 20 og 30 høgt kvalifiserte unge arbeidstakarar til Sogn og Fjordane. Samarbeid og utviding av programmet til Vestland fylke gjer at dette kan bli eit kraftig verkemiddel for nye Vestland. Samarbeidet verkar spennande og veldig rett, seier Helgheim.

Vidare seier han at Trainee Indre Hordaland tilfører programmet verdi på ulike måtar og at dei to programma utfyller kvarandre. Styreleiaren har god tru på eit vellykka prosjekt.

– Framtidsfylket og Trainee Indre Hordaland har arbeidd raskt og effektivt i etableringa av samarbeidsavtalen. Det er eit godt teikn på at ein ser felles verdiar i arbeidet med å vidareutvikle programmet, seier Helgheim.

Bli med, du òg!

Dei som vil sikre seg trainee i 2020 bør ta kontakt så snart som mogleg. Traineeordninga er viktig for å synliggjere attraktive arbeidsplassar og karrieremoglegheiter i Vestland fylke.

–  Det er svært positiv utvikling i store deler av næringslivet for tida, både når det gjeld teknologi- og industribedrifter, men også innan reiseliv og cider. Derfor er det eit svært godt tidspunkt å relansere traineeordninga i Indre Hordaland og vi er glade for å ha fått ein sterk partnar som Framtidsfylket med på laget, seier dagleg leiar i Trainee Indre Hordaland, Heidi Torkildson Ryste.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.