Marte Haugsbakk

Skriven 15.09.2016 under Trainee

Sogn og Fjordane Energi

Utdanning

Bachelor i Ingeniør elektro – energi, elkraft og miljø, Førde.

 

Traineestilling

Eg er trainee ved nettavdelinga til SFE i Florø og skal i løpet av året hovudsakleg arbeide med eit prosjekt innanfor systemdrift og utvikling. Det vil også bli lagt opp til at eg skal innom andre avdelingar for å sjå kva dei arbeider med, og korleis dei løyser sine oppgåver.

 

Difor søkte eg traineestillinga

Det å kunne byrje karrieren med tett oppfølging av ein mentor gjev ein god start på arbeidslivet og eit godt møte med bedrifta. Gjennom Framtidsfylket si traineeordning får ein moglegheit til eigenutvikling og nettverksbygging, samt bli betre kjend med næringslivet Sogn og Fjordane har å by på. Traineeordninga var noko eg hadde høyrd mykje positivt om, og det var eit naturleg val å søke jobb gjennom Framtidsfylket. I traineeprosjektet mitt vil eg arbeide tett med andre i nettavdelinga, samt folk frå andre avdelingar i SFE. Målet mitt med traineeperioden er å utvikle meg som person, samt utvikle nettverk med personar frå eigen, og frå andre bedrifter i fylket.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.