Påmelding karrieremesse
Marius 768x512

Marius Reiakvam

Skriven 21.09.2017 under Trainee

Utdanning

Bachelor i informatikk med spesialisering i informasjonsbehandling frå NTNU.

Traineestilling

Eg har ei traineestilling som er lagt under strategi- og forretningsutvikling-avdelinga i Enivest. Her skal eg hovudsakleg arbeide med utviklingsprosjekt og programmering, både mot interne og eksterne system.

Difor søkte eg traineestillinga

Eg har arbeidd på ei anna avdeling hjå Enivest i fleire år, og eg fann det difor naturleg å halde fram i Enivest etter eg var ferdig med utdanninga, dersom eg fekk ei interessant stilling som passa for mi utdanning. Når eg såg at det var ei traineestilling som var lyst ut innanfor mitt fagfelt, på same tid som eg var ferdig med utdanninga, var det ikkje mykje tvil om at dette var stillinga for meg.

Eg ville også å få betre kjennskap til næringslivet i Sogn og Fjordane, og gjennom traineeprogrammet trur eg at eg vil få eit godt innblikk i kva som skjer i fylket gjennom samlingane med dei andre deltakarane i programmet. Traineeprogrammet gjev også eit godt grunnlag for fagleg utvikling, noko eg tykkjer er veldig viktig.