Marit Haugan Hove

Skriven 15.09.2016 under Trainee

Vestlandsforsking

Utdanning

Sivilingeniør innan produktutvikling og produksjon frå NTNU i Trondheim. Eg gjekk studieretning produktutvikling og har idrett-, helse- og velferdsteknologi som mitt favoritt-fagfelt.

Traineestilling

Trainee ved Vestlandsforsking, innan velferdsteknologi. Her jobbar eg med eksisterande prosjekt som omhandlar bruk av velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane, samtidig som eg deltek i søknadsprosessar rundt nye forskingsprosjekt.

Difor søkte eg traineestillinga

Under studia valte eg spesielt å ta fag innan idrett og helse for å få ei betre forståing av korleis teknologi kan bidra til betre helse og ein enklare kvardag. Då traineestillinga innan velferdsteknologi vart lyst ut var eg ikkje i tvil om at dette var ein jobb eg absolutt kunne tenke meg. Velferdsteknologi er eit fagfelt med stort potensiale og mange muligheiter, og det blir satsa stort på denne typen teknologi både nasjonalt og lokalt.

Traineestillinga gir meg gode muligheiter til å danne nettverk og bli kjent med både fylket og bedriftene som held til her. Sjølv om eg er oppvaksen i Sogn så har eg lite kunnskap om arbeidsmarknaden i fylket, og eg har ikkje budd her på mange år. Gjennom møte med andre traineear lærer eg mykje om kva fylket har å by på, både i form av fritidsaktivitetar og arbeidsplassar. Mykje nytt har skjedd sidan eg flytta frå Sogn, og det er spennande å kunne gjenoppdaga heimfylket sitt på denne måten.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.