Mariewestcon 768x512

Marie Stensvoll

Skriven 21.09.2017 under Trainee

Utdanning

Eg har ei bachelorgrad i ingeniørfag- maskin frå Høgskolen i Østfold. I tillegg tar eg parallelt med traineestillinga nokre fag ved linja Undervassteknologi- drift og vedlikehald ved Høgskulen på Vestlandet avd. Florø.

Traineestilling

Eg er tilsett som trainee-ingeniørfagleg prosjektleiar ved Westcon Yard Florø. Der skal eg innom fleire ulike område av bedrifta, for å få best muleg oversikt over dei forskjellige ledda som inngår i ulike typar prosjekt. Til no har eg vore på Subsea-avdelinga, men planen er at eg etter kvart skal innom skip, innkjøp, kvalitetskontroll, mm. Arbeidsoppgåvene mine er varierte, og inneber alt ifrå dokumentkontroll til teikning i 2D/3D.

Difor søkte eg traineestillinga

Ei stilling i Westcon har i grunn vore draumen sidan eg starta å studere, då eg ser på Westcon som ei spennande og framoverlent bedrift. Det var óg viktig for meg å finne ein arbeidsplass der eg fekk nytte utdanninga mi, noko eg i aller høgste grad får hos Westcon. Og med eit ynskje om utfordringar og moglegheit til å kunne ta på meg ansvar, var ei stilling innan ingeniørfagleg prosjektleiing midt i blinken.
 
At stillinga var gjennom Framtidsfylket sitt traineeprogram var eit stort pluss, då eg ser på ei traineestilling som ein fantastisk start på arbeidslivet. Som trainee får eg sjå meir av bedrifta enn eg gjerne ville gjort som vanleg tilsett, noko som er svært nyttig. Traineesamlingane til Framtidsfylket gir og veldig gode moglegheiter for sjølvutvikling, nettverksbygging og fagleg utveksling på tvers av bransjar, noko som utan tvil vil komme meg til nytte i framtida.