Lars Erik Askevold

Skriven 30.09.2018 under Trainee

Utdanning

Eg er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole (NHH) med master i økonomisk styring.

Traineestilling

Eg er tilsett som revisor i Deloitte ved kontoret i Førde. Arbeidsoppgåvene til ein revisor er kort fortalt å bekrefte og kvalitetssikre finansiell informasjon. Arbeidskvardagen er svært variert ved at vi får jobbe med forskjellige klientar frå ulike bransjar. Vi arbeider i tillegg mykje i team, der vi saman løyser dei problemstillingane vi møter.

Difor søkte eg traineestillinga

Eg søkte på traineestilling i Deloitte fordi eg hadde fått eit positivt inntrykk av selskapet gjennom bedriftspresentasjonar på NHH og samtalar med representantar for bedrifta, blant anna ved Karrieremessa til Framtidsfylket i Bergen. Deloitte framsto som ein attraktiv arbeidsgivar med eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling. Det å jobbe i eit leiande miljø innan revisjon lokalt i Sogn og Fjordane saman med dyktige kollegaer, var for meg ein stor motivasjon til å søke på stillinga. Mitt inntrykk av Deloitte er at det er eit innovativ og fagleg sterkt selskap som er i stadig utvikling for å være ledande innanfor bransjen i Sogn og Fjordane. Samtidig verkar utviklinga av lokale talent å vere viktig. Dette motiverte meg til å søke på traineestillinga i Deloitte.

Forventningar

Eg forventar at traineestillinga vil gje meg ny kompetanse, nye utfordringar, nettverk i næringslivet og gode opplevingar gjennom året. Samtidig er traineestillinga i framtidsfylket ein unik moglegheit til å bygge nettverk og utveksle erfaringar med andre nyutdanna.

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.