Laererikt utfordrande og veldig goy large 5236 1 768x576

Korleis kapre traineestillinga?

Skriven 26.02.2018 under Nyheiter, Trainee, Ukategorisert

Vi har snakka med tre bedrifter for å finne ut korleis nettopp DU vinn i intervjurunden.  

Bjørn Morten Øen, Lotteri- og Stiftelsestilsynet

Kva ser bedrifta etter når de skal tilsette ein trainee?
Først og fremst at søkjar tilfredsstiller dei formelle krava. Vi ser og på anna utdanning og kva interesser kandidaten har. Karakternivået vert vurdert, men dette er berre ein av fleire vurderingar knytt til søknaden.

Korleis utmerkar ein seg i intervjurunden?
Vi legg merke til om søkjaren er interessert i oss og fagområdet, og om kandidaten er godt budd. Det er også viktig å vere ærleg og open, gjerne med ein god og engasjert presentasjon av seg sjølv og sine kvalifikasjonar. Her er det fint om kandidaten tenker utradisjonelt.  Mange er gjerne litt nervøse, men det treng ikkje vere negativt – det kan vere eit uttrykk for at ein gjerne vil ha jobben.

Kva er det verste ein kan gjere?
Alt som set deg i eit dårleg lys. Det gir ikkje noko godt inntrykk å vere ustelt, uhøfleg, uinteressert, uærleg eller for sein.

 

Stig Myrmel, Enivest 

Kva ser bedrifta etter når de skal tilsette ein trainee?
Vi ser etter personar som er aktive, framoverlendte og som har eigne meiningar. For oss er det viktig å få inn personar som har evner til å finne nye og smartare løysingar. Det er og viktig at kandidaten har vist interesse i forhold til utdanninga si, enten om ein har hatt sommarjobbar som støttar opp om utdanninga eller om ein driv på med noko på fritida som har med utdanninga å gjer.

Korleis utmerkar ein seg i intervjurunden?
For å utmerke seg så må ein vise engasjement for traineestillinga. Ein må vere førebudd, vite kva stillinga går ut på og vite kva bedrifta gjer. Engasjement, pågangsmot og interesse veier ofte opp for eksamensresultater.

Kva er det verste ein kan gjere?
Det verste er å stille uforberedt på intervju. Om kandidaten ikkje syner interesse for jobben så er ho eller han ikkje interessant for oss.

 

Ingvill Hestenes, Melin Medical 

Kva ser bedrifta etter når de skal tilsette trainee?
Melin Medical leiter etter menneske som vi ser kan bidra med ny kompetanse, og vere med å utfordre selskapet slik at vi i større grad evnar å tenke nytt og utvikle organisasjonen. Vi vektlegg også i stor grad personlege eigenskapar, og at dei har driv og stå-på-vilje.

Korleis utmerkar ein seg i intervjurunden?
Engasjement er viktig for å lukkast hos oss. Dei som brenn for noko, enten i skulesamanheng eller i fritida, opplever vi har med seg ein entusiasme og energi på intervju. Vi ønskjer å tilsette dei kandidatane som verkeleg ønskjer å utvikle seg hos oss, – ikkje dei som skal fylle tida mellom 8 – 16. Reisa dei har vore igjennom, og korleis dei har evna å lære av erfaringane og utfordringane sine er ofte av større interesse enn karakterane dei har.

Kva er det verste ein kan gjere?
Å ikkje tilpasse søknaden til den jobben ein ønskjer å få. Det er ofte mange som har «copy-paste» på personleg pitch og innhald. Vi mottek mange søknadar, og ser fort dei som legg det lille ekstra i prosessen eller tør å skilje seg ut. Ein av dei beste søknadane vi har fått var ein videosøknad der innholdet var direkte retta mot kva akkurat denne personen kunne gjere for å bidra til meir verdiskaping gjennom ein traineeprosess. Å vere forsinka, dårleg forberedt, lite nysgjerrig, og ikkje heilt kjenne kva verksemd dei søkjer stilling i, er sjeldan ein god match.