Knut Olav Arnestad

Skriven 15.09.2016 under Trainee

Utdanning

Bachelorgrad som dataingeniør, med spesialisering innan drift av datasystem frå Høgskulen i Bergen.

 

Traineestilling

Eg er trainee hos Enivest, stasjonert i Førde. Her er eg på teknisk avdeling, der eg skal arbeide med det aller meste frå teknisk kundestøtte mot bedrifter og privatkundar, til konfigurering av nettverksutstyr og drift av server-tjenester.

 

Difor søkte eg traineestillinga

Eg søkte på traineestillinga fordi eg ser på dette som ein god start på arbeidslivet for ein nyutdanna student, der ein får både god oppfølging og varierte arbeidsoppgåver i bedrifta.

Eg var lenge usikker på om eg skulle fortsette i utdanning mot mastergrad, men ser på det å vere trainee som ein arena der eg både kan få prøvd meg i arbeidslivet. Då blir ein betre kjend i sitt fagfelt og det kan gje eit godt grunnlag for å seinare vurdere om eg ynskjer å studere vidare eller fortsette i arbeid.

 

Det å få mogeligheiten til å jobbe med fleire forskjellige oppgåver og delar av ei bedrift som Enivest, og få finne det eg har mest lyst å arbeide med både gjennom dette året, men òg i framtida, er ein stor motivasjon for å vere trainee.

 

I tillegg er det å få utveksle erfaringar med resten av deltakarane i trainee-programmet, og få eit innblikk med korleis arbeidslivet i Sogn og Fjordane er og dei faktiske moglegheitane ein har her, ein stor motivasjon for å vere trainee i Framtidsfylket.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.