Klimacollage 768x476

Klimasaker i #utanfilter

Skriven 29.08.2017 under Nyheiter

Tibber, Lefdal Mine, Fjord1, Multi Maritime. Dette er berre nokre av bedriftene som satsar knallhardt på grøne produkt. Les om dei og fleire bedrifter i #utanfilter.

I forbindelse med den nasjonale klimakonferansen i Sogndal 29-31. august, har Framtidsfylket laga 10 artiklar om bedrifter i Sogn og Fjordane som har klima på dagsordenen.

VISSTE DU AT:

  • LEFDAL MINE er eitt av dei grønaste datasentera i verda?
  • TIBBER har utvikla ein app som hjelper deg med å styre straumforbruket ditt?
  • NORSUN har fire gonger så låg CO2 -avtrykk som sine asiatiske konkurrentar?
  • FJORD1 har investert 3 milliardar kroner i elektriske ferjer?
  • 24 av 30 nye batteri- og hybridferjer har design frå MULTI MARITIME?
  • Sogn og Fjordane er eit føregangsfylke i å førebu bruk av HYDROGEN?
  • GLOPPEN VGS har eige fag innan klima og miljø?
  • UTVIK-FLAUMEN er eit vêrfenomen vi vil få meir av i framtida?

Les artiklane på beasognandfjording.no