Kjipe klimaprognosar skapar spennande arbeidsplassar

Skriven 21.02.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

I ei tid med stadig heftigare ekstremvêr, vert jobben med å førebygge skadar frå flaum, skred og overvatn svært viktig. NVE jobbar med dette dagleg, og no treng dei fleire folk.

For ein person som er interessert i klimaendringar, og vil bidra til gode løysingar for dei utfordringane som dei gir, er dette ei kjempespennande stilling, seier Siss-May Edvardsen, som er sjefs-ingeniør i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Edvartsen forklarar at sidan klimaet er i endring er mange områder som må gåast opp. Det er derfor mykje som skjer innan fagområda hydrologi, hydraulikk, vassdragsteknikk, vass- og avløpsteknikk.

Løysingsorientert og gira

Edvardsen oppmodar sivilingeniør, personar med master i byggfag, eller dei som har anna brei og relevant fagleg erfaring, om å sende inn ein søknad innan 29. februar.
Vi er på jakt etter nokon som har interesse og engasjement for vassdragsteknikk. Personen må vere litt sjølvstendig, initiativrik og open for å finne løysingar på utfordringane som dukkar opp, seier ho.

Jobb og bu tett på

Kontorstaden er i Førde i Sogn og Fjordane, noko som gjer stillinga ekstra spennande fordi ein er så tett på naturen. Her kan ein oppleve alle årstider på ein og same dag.

Vi har jo mykje vêr her, og dei siste åra har vi hatt veldig mange hendingar. Vi jobbar med dagsaktuelle tema, og har svært stor aktivitet. Ofte er vi involverte i beredskapshendingar ved å gje faglege råd til kommunar og politi.

Foto: Jomar Bergheim

Kvardagen er like variert som vêret

Arbeidskvardagen og arbeidsoppgåvene er varierte, og få dagar er like på kontoret.

Ein får ein god blanding av kontorarbeid og det å jobbe ute i feltet. Blant anna i forhold til modellering av vassdrag og liknande. I tillegg skal personen drive prosjektering av tiltak mot flaum, erosjon og vassdragsrelaterte skred, og stå for innkjøp og oppfølging av innkjøp.

Aldri keisamt

I tillegg til kjekke og spennande arbeidsoppgåver, får ein også jobbe saman med ein bra gjeng på kontoret.

Vi har eit godt arbeidsmiljø her på Førde-kontoret. Her er det mange ulike typar folk. Ein har ulik bakgrunn og ulike interesser, noko som gjer det spennande å jobbe her. Det er aldri keisamt sosialt, kan ein seie. Samtidig er det ein fellesnemnar at vi alle er interesserte i naturfare, avsluttar ho.

Les meir om stillinga og søk her

Sjekk også ut alle dei andre stillingane som ligg på portalen vår. No kryr det av spennande sommarjobbar, traineestillingar og faste stillingar innan dei fleste fagfelt.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.