Karriereprat: På eigne bein, plutseleg

Skriven 17.06.2014 under Karriereprat

Året som trainee i Sogn og Fjordane er på tampen, og siste samling i Hoddevika er historie. Vemodigt er det, det kom så plutseleg å måtte «stå på eigne bein». Det er jo traineenettverket gjennom Framtidsfylket som har vore mitt næraste støtteapparat ved inngongen på karriera. Det seiast at ein ikkje veit kva ein har før ein mistar det, og det nettopp den kjensla eg sit igjen med no. 

Katrine saman med resten av traineekullet på første samling i Stongfjorden, august 2013. Foto: Thomas Bickhardt

Ni, etter kvart så unike, personar frå ulike bedrifter rundt om i fylket trappa opp på Framtidsfylket sitt kontor i Førde ein tidleg septemberdag i fjor. Spente var vi, og kanskje enkelte til og med småskeptiske. Og når eg seier unike kan eg godt plusse på at vi var, og er, svært ulike. Første kveld var samtalane i gong, og dei har berre blitt meir og meir gjevande. Gjennom fem samlingar har vi fått eit samspel utan like, med full openheit, tillit og respekt. Å utfordre seg sjølv i lag andre, og å bli utfordra som ei gruppe, er etter mi meining beste metode for å bli kjend. På skikkeleg.

Organisasjonspsykolog, Thomas Bickhardt, har vore med oss heile vegen. På agendaen har han sett tema som motivasjon på den eine sida og utbrentheit på den andre sida. Alle har fått rom til å snakke om sine utfordringar, moglegheiter og eige forbetringspotensiale.  Samtalar som har starta i den faglege delen har gjerne utvikla seg utover kveldane, og skapt både diskusjonar og latter. Vi har òg fått utfordra oss mykje gjennom aktivitetar, både enkeltvis og i team. Å stå på ski med augo igjen var ikkje det eg gledde meg mest til, men når ein først skal tryne så er det ikkje nokon eg heller vil gjere det framfor enn akkurat denne gruppa. Støtteapparatet er like trygt om ein har sjølvskryt å kome med, eller om ein har gått på trynet. Samstundes er det alltid godt å ha Gro og Jenny frå Framtidsfylket, med deira omtanke i nærleiken og fullt påpass på at vi får i oss nok mat, får nok pausar og held tidsskjemaet.

«Vi har rett og slett øvd på å gå utanfor vår eiga komfortsone, og ser at det utviklar oss»Utbyttet av både dette nettverket og den personlege utviklinga som følger med kjem godt med i arbeidslivet. Både det at ein sjølv er meir medvitne på korleis ein ter seg mot kollegaer og eventuelle kundar, kva som motiverer og korleis ein vert tryggare på seg sjølv når ein hamnar i ukjend farvatn. Vi har rett og slett øvd på å gå utanfor vår eiga komfortsone, og ser at det utviklar oss. Å kunne kommunisere med andre som jobbar på heilt andre felt, samarbeide under høgt tidspress og å ha respekt for andre sine eigenskaper og tid er òg meir i fokus.  Mykje kjem frå traineenettverket, men det å ha tittelen «trainee» i bedrifta gjer at du får meir varierte arbeidsoppgåver enn ein elles ville fått. Etter samtalar med tidlegare Framtidsfylket-traineear på karrieremesser, er det mange som påpeikar at dei har fått eit overordna syn på sin organisasjon som særs få andre i bedrifta har. Mykje på grunn av rolla som «potet», men eg trur bevisstgjeringa som kjem frå samlingane gjer at vi lettare får eit slikt falkeblikk. I tillegg har vi lært at det å innimellom seie «nei» aukar vår eigen marknadsverdi. Det er lett å ta på seg altfor mykje.

Falkeblikket har gjort at vi «traineeane» ikkje er redde for å komme med råd til kvarandre. Vi tør tråkke over ei sone som gjerne ikkje familie eller vener veit om eller ynskjer å bevege seg inn i. No må eg nesten påpeike at vi lev separate liv både på arbeid og elles altså, men dei vi har rundt oss der har gjerne vore i jobben eller i «livet vårt» så lenge at dei ikkje ser dei forandringane vi no er igjennom. Det er mykje tid på samlingane som går til å snakke saman om endringar vi er inne i og kva vi faktisk gjer på jobben, og det skal noko til at mor eller kjæraste vil sitte og høyre på dette i det uendelege. Naboen og turkompisen har heller ikkje taushetsplikt slik ein har i traineenettverket. Det skal no òg seiast at vi ikkje alltid er einige i råda som vert gjeve eller motteke, og vi har hatt ein del artige diskusjonar utan anna konklusjon enn at vi er einige om å vere ueinige. Og det er heilt greitt.

Katrine har fått mange nye gode vennar gjennom traineeordninga. Her saman med Andrea Lomheim i Deloitte og Ole Martin Sunnarvik i Lotteri- og Stiftelsestilsynet. (Foto: Thomas Bickhardt)

Eg vil anbefale alle å nytte seg av moglegheita til å ta eit år som trainee, fordi du sit igjen med mykje god erfaring som kan brukast både i privatliv og på jobb. Men aller mest fordi du kan vere så heldig som meg, å sitte igjen med eit lite og fantastisk nettverk av ypparste støttekontakt-kvalitet som gjer at utviklinga fortset!

Førre helg lagde vi til vår eiga avslutningssamling, og lenge før den var omme var neste samling satt. Så i oktober vert det ny runde med realityshow og terapi i Leirvika, med framsnakking og rådføring. Det gjer at tanken på å stå på eigne bein framover ikkje er så trasig likevel. Krykkene er ikkje langt vekke.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.