Karriereprat: Flytta til Florø for å få nytt perspektiv

Skriven 10.07.2020 under Karriereprat, Nyheiter, Ukategorisert

Lysta på nye impulsar og eit jobbtilbod som var "umogleg å seie nei til", lokka Magnus Brekke Nygaard frå Bergen til Florø.

Då eg for eitt og eit halvt år sidan flytta frå Bergen til Florø for å jobbe i NHO Vestlandet, hadde eg knapt høyrd om plassen, og hadde berre vore her ein gong tidlegare på grunn av ei omveg av ei flytur frå Sogndal til Bergen.

Men jobben i NHO Vestlandet var for spennande til å takke nei. Dessutan hadde eg berre i kortare periodar tidlegare budd utanfor Bergen, og eg tenkte det er nødvendig å få andre impulsar og kjenne på korleis det er å bygge opp et heilt nytt nettverk.

Får slukka tørsten

Sjølv om Florø ikkje er verdas minste plass, så er det heller ikkje ein særleg stor plass. Som lidenskapeleg ølhund er eg difor svært glad for at me har ein ølkafé i Florø som måler seg med det ein får i større byer, nemleg Vesle Kinn. Gode møteplassar er særs viktig for å trivast, og her har Florø lykkast godt. Andre treffpunkt som Våt Moro, Sildebordet, Godt i Gapet og Kjippen er også med på å sette farge på kvardagen. Berre synd at korona satt ein stoppar for arrangementa i år.

Godt samhald og nye perspektiv

Å bu i distrikts-Noreg har sine fordeler og baksider. Ein heilt klar fordel er at ein har spektakulære naturopplevingar rett utanfor stovevindauget. Ein annan fordel er folka. Sidan det er færre folk er det viktigare å ta vare på dei ein omgås. Samhaldet er ganske godt. Her omgås ein eit større spekter av menneskjer enn dei med same utdanning som ein sjølv, som har spankulert i sju år på Nygårdshøgda i Bergen. Det å få nye impulsar og perspektiv på ting tenkjer eg er viktig.

Kjentfolk i alle krinkar og krokar

Baksida er at det kan være vanskeleg å gå under radaren på ein liten stad. Nokre gonger kan det vere behageleg å kunne vandre gjennom byen utan å måtte helse på nokon eller forklare kvifor ein har vært innom blomsterbutikken å kjøpt roser. Det hjelper heller ikkje at det då er en venn av deg som driv butikken.

Eg har ein jobb som inneberer mykje reising og på reisene får eg heldigvis litt avveksling frå det som fort kan bli vante omgjevnader. Det er også kort veg til Bergen kor familien min bur, så det blir fort nokre langhelgar der i løpet av året.

Det må skrytast meir

Gjennom jobben har eg blitt kjend med mange bedrifter eg aldri før hadde høyrd om. Her tenker eg distrikts-vestland har noko å lære av Bergen: det må skrytast meir. Det er fantastisk å sjå kva mange bedrifter, på stader der ingen skulle tru at nokon kunne drive bedrift, får til med knappe ressursar. Her er det ingen grunn til å være lågmælte. Ein må framsnakke dei moglegheitene som finst i endå større grad, og bedriftene bør heilt klart sjå utover eigen bygd når dei er på jakt etter arbeidskraft. Noko av det kjedelegaste ein kan høyre om som ny- innflytta,  er prat om at utflytta Sogn og Fjordingar etterkvart må «flytte heim». Rekrutteringsfokuset må være mykje breiare enn dette skal ein lykkast med å få befolkningsvekst. Og kommunane må skape samfunn der unge ny-tilflyttarar kan trivast. Då nytter det blant anna ikkje med stengde butikkar kl. 16.00 eller ølmonopol.

Heit potet

Det er klart at det kanskje er noko avgrensa med karrieremoglegheiter for statsvitarar på bygda. Dei fleste statsvitarar endar vanlegvis opp i forvaltninga, og eg ser ikkje føre meg ein jobb i ein mindre kommune utan sterke fagmiljø med fleire kollegaer (kommunereforma bør heilt klart halde fram). Også er det som kjent få departement eller andre forvaltningsorgan i distriktet (med nokre unntak sjølvsagt). Men som statsvitar er eg ei heit potet og ingen veit kva framtida bringer.

 

Delta i Framtidsfylkets sommarkonkurranse – du bestemmer premien!

Sjå ledige stillingar i Vestland fylke

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.